Galli har vore ein del av redaktørkollegiet i Christianity Today dei siste 20 åra. I oktober annonserte han at han ville gå av med pensjon ved nyttår.
Christianity Today, som når ut til rundt fire millionar amerikanarar kvar månad, har tidlegare styrt unna politiske standpunkt. Derfor vart fleire overraska då magasinet publiserte ein leiarartikkel som oppfordra til å avsette Donald Trump rett før jul.
I leiaren kalla Galli presidenten «djupt umoralsk». Han vart publisert dagen etter at det vart klart at Trump ville bli stilt for riksrett.
I eit intervju med New York Times sist veke fortalde Galli om kor sjokkert han vart over omfanget og styrken på reaksjonane. Men han er også overraska over kor villige dei evangelikale kristne er til å stå last og brast med presidenten – uansett.
Han hadde aldri trudd at reaksjonane skulle bli så sterke. Nettsida til avisa krasja, fordi det var 50 gonger så mange lesarar som vanlig som var inne for å lese leiaren.
– IT-avdelinga var sure fordi eg ikkje hadde åtvara dei på førehand, seier han til avisa.
Sterke reaksjonar
Nær 200 evangelikale leiarar i USA reagerte sterkt på Gallis oppmoding. Ifølgje Fox News hevda dei at teksten «stilte spørsmål ved den andelege integriteten til fleire millionar truande». Christianity Today vart stifta av pastor Billy Graham for 63 år sidan. Sonen hans, Franklin Graham, hevda nyleg følgjande til Fox News:
– Min far kjende Donald Trump, trudde på Donald Trump og under det siste valet, stemte han på Donald Trump.
Samstundes var det fleire som tykte det var modig av Galli å skrive leiaren. Ifølgje Galli og avisa har oppstusset rundt teksten ingen samanheng med at han no har gått av. Planen om å bli pensjonist vart lagt for lenge siden.
Dette skreiv han på Twitter nyleg:
I've been hearing that some people are assuming I was forced out of CT--please refute that if you have the chance. I had planned my retirement for months! And I parted on very good terms--lots of CT love coming my way, for which I am deeply grateful.
— Mark Galli (@markgalli) January 9, 2020
Også mange positive
Mark Gallis har aldri opplevd så massiv respons på noko han har skrive. Han er mest overraska over alle dei positive kommentarane. Lesarar har skrive til han og fortalt at dei har kjent seg åleine og venta på at nokon i det evangelikale leiarskapet skulle sei det Galli skreiv. Til New York Times seier han at han skulle ønskje han tidlegare hadde forstått at folk kjende det slik.
– Mange kjende seg åleine, men det gjer dei ikkje lenger, seier han.
Her kan du lese fleire saker om den amerikanske presidenten og dei evangelikale kristne i USA. Dei blir ei viktig gruppe for Donald Trump i presidentvalet i haust. For fire år sidan røysta 80 prosent av dei på Trump:
• Kristne velgere hørte ikke nødvendigvis hjemme i det republikanske partiet. Men så skjedde det noe
---
Fakta:
---