Kirke

– Vi vil skape fellesskap mellom generasjonane

Nærmare 2.300 har i helga vore innom Get Focused i Tønsberg. Ungdomane samlar inn pengar til organisasjonar som arbeider mot menneskehandel i utlandet.

– Fredag hadde vi ein fantastisk lovsongskveld med bandet Hillsong Europe. Fleire hundre ungdommar ville bli bedne for og mange valte å ta i mot Jesus, seier festivalsjef Ole Thomas Talset.

Utvidar

Ungdomsfestivalen Get Focused gjekk av stabelen for tolvte gong i helga. Opp mot 2.300 har vore innom festivalen som fyller Slagenhallen i Tønsberg.

– Kva har vore nytt ved årets arrangement?

– Det som er heilt nytt i år er ein eigen barnegudsteneste på søndag formiddag.

Allereie for fire år sidan utvida festivalen tilbodet frå å gjelde berre ungdommar til også å famne unge vaksne, studentar og småbarnsforeldre med eit dagsopplegg.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Vil skape fellesskap

Slagordet for festivalen er «enhet, tilbedelse, rettferdighet». Talset forklarar det slik:

– Vi vil skape fellesskap mellom generasjonane og mellom kyrkjelydane i Vestfold. Difor har vi ein eigen Get Focused-organisasjon med representantar får mange av kyrkjelydane i Vestfold som står bak festivalarbeidet. Deretter vil vi inspirere deltakarane til tilbeding av Jesus. Rettferd står for at nokon skal få det betre ved at vi kjem saman for å ha det kjekt. Difor har vi eit innsamlingsprosjekt.

Ulike meiningar

– Er det vanskeleg å bli einig om innhald og talarar når så mange kyrkjesamfunn er representert?

– Nei, ikkje så veldig vanskeleg. Det er ulike meiningar, men stort sett er ein samd om kven som for eksempel skal få tale.

Festivalen har kvart år eit hjelpeprosjekt dei samlar inn pengar til.

– Dei siste åra har vi samla inn til organisasjonar som arbeider mot menneskehandel i utlandet. I år fokuserer vi på menneskehandel i Norge og gir pengane til norske organisasjonar. Tal frå politiet viser at det finst over 300 slavar i Norge, til dømes sexslavar eller arbeidsslavar. Omtrent ti prosent av desse er born. Menneskehandel er eit veksande problem som vi ynskjer å utrydde.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke