Jurist meiner metodist-ekteskap er gyldige

EKTESKAP: Ein ikkje-godkjent vigselsliturgi i Metodistkyrkja har gjort at fleire er redde for at heile 800 ekteskap kan vera ugyldige. Jussprofessor John Asland trur uroa ektepar kan senke skuldrene.

Professor ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo, John Asland. Vigslar metodistkyrkja. Metodistkirken. Vigsler.
METODISTKYRKJA: Professor ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo, John Asland, seier at så vidt han kan sjå oppfyller alle dei ulike versjonane av liturgiane krava som blir stilt til vigselsliturgiar.
Publisert Sist oppdatert

– At Metodistkyrkja ikkje har bede om godkjenningar av alle revisjonar av vigselsliturgiane sine har etter mi meining ingen fylgjer for om ekteskapa er gyldige.

Det meiner professor ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo, John Asland. Han har familierett som ein av sine spesialfelt.

Uroa byrja førre veke då avisa Dagen skreiv at Metodistyrkja i Noreg i tretti år har nytta ekteskapsliturgiar som ikkje har vore godkjende av norske styresmakter.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS