Jesusfestivalen hentar inspirasjon frå Asbury-vekkinga: – Draumen er at folk ikkje vil gå heim
KRISTIANSAND: Det er vekkingsmøte på programmet når Jesusfestivalen blir arrangert for andre gong. Arrangør meiner det to veker lange vekkingsmøtet i Asbury, USA, viser at det er ein andeleg lengt blant unge.
TYDELEG: «Me kaller til ei glad og tydeleg etterfylging av Jesus i ei post-kristen tid», opplyser Jesusfestivalen på sine nettsider. Geir og Bente Johannessen, Ulrika Backas-Olsen, Svein Inge Olsen, Tor-Bjørn Nordgaard sit alle i hovudkomiteen for festivalen.
Adam Read
– Me hentar inspirasjon frå vekkinga i Asbury. Det fortel oss at det er ein andeleg lengt blant unge menneske i dag.
Det seier Geir Johannessen. Han er ein av initiativtakarane til Jesusfestivalen som går av stabelen i Kristiansand frå torsdag til sundag denne veka.
Det er andre året festivalen blir arrangert. Johannessen fortel at håpet for festivalen er at den skal vera med på å skape ei ny begeistring for Jesus i Noreg.
Bestill abonnement her
KJØP