Jakta på etterfølgaren hennar er i gang
BISPESKIFTE: Hamar-biskop Solveig Fiske blir 70 år i 2022, og må gå av med pensjon. No kan ‘kven som helst’ foreslå kven dei vil ha som arvtakar.
SNART PENSJONIST: – Eg skal vere på, og jobbe målbevisst, heilt til siste dag, seier Solveig Fiske inn mot pensjonisttilveret i haust.
Erlend Berge
Når ho går av, har ho vore biskop i 16 år.
Solveig Fiske, den lengstsittande blant dei noverande biskopane i Den norske kyrkja (DNK), blir 70 år 26. oktober. Med det når ho den øvre aldersgrensa for kor lenge ein kan vere biskop.
Prosessen fram til ein ny biskop er omfattande, høgtideleg og lang – og er derfor allereie i gang. Fram til 20. april kan heile allmenta foreslå kven dei ønsker som Hamars neste kyrkjeleiar.