Islam Net-leiar kritiserte Shabana Rehman på Facebook etter at ho døydde, no seier han unnskyld

KRAFTIG SKYTS: – Ho heldt oppe Koranen med eit brennande stearinljos framom og oppmoda til fleire bokbål, skreiv Fahad Qureshi. No har han sletta posten.

LØRENSKOG 20100615: Fahad Qureshi, leder i IslamNet svarer om omstridte islam-kurs. Ønsker å renvaske islams navn - ikke å omvende nordmenn til islam. FOTO: MARKUS AARSTAD/VG
SKAL IKKJE RESPEKTERAST: «Det er ikkje alle døde som skal respekterast. Ein som skjendar Allahs Bok og vanærar Hans Sendebod - stolt og offentlig framom heile verda - er ikkje lenger ein som fortener respekt». Det skal leiar i Islam Net, Fahad Qureshi, ha svara ein som reagerte i kommentarfeltet under Facebook-inlegget hans. Det skriv Nettavisen. No har Quareshi bede om orsaking.
Publisert Sist oppdatert

– Ho strippa og viste fram sine bakre privatdelar for å bryte ned forventningar til at muslimske kvinner er anstendige.

Det skreiv leiaren av den muslimske rørsla Islam Net, Fahad Qureshi, om Shabana Rehman i ei lukka Facebook-gruppe med nesten 16.000 medlemmar. Dette var berre dagar etter at den kjente komikaren døydde av kreft.

– No er ho død og har reist frå denne verda. Ho bør vera ei påminning for oss som verkeleg set pris på rettleiinga frå Gud og ikkje ein som trassar han, held han fram i innlegget.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS