For å redde Filadelfia Kristiansand frå konkurs skal bygga som husar eit unikt, diakonalt bufellesskap selgast. Her har familien Kjosavik delt liv og heim med flyktningar som treng hjelp inn i det norske samfunnet. Shelter.
SOM FAMILIE: I løpet av fem år har til saman 45 personar delt heim med familien Kjosavik. Ekteparet Samer Ataya (t.v.) og Rehab Najim (t.h.) er to av dei. Dei set stor pris på fellesskapet som bu- og integrerinssenteret Shelter gjev dei. Her lærer dei mykje om både norsk språk, kultur og samfunn. Fleire omtalar sine med-bebuarar som familie.

I fem år har familien Kjosavik levd i fellesskap med flyktningar. No sel pinsekyrkja heimen deira

INTEGRERING: For å redde storstoga Q42 sel Filadelfia Kristiansand bygga som husar eit unikt bufellesskap. Her har familien Kjosavik dei siste fem åra delt liv og heim med flyktningar som treng hjelp inn i det norske samfunnet.

Publisert Sist oppdatert

Det yrer av liv i det store fellesrommet i Tordenskjolds gate 54 i Kristiansand. Ved vindauget sit bufellesskapets minstemann på sju månadar og fylgjer med på bilar og syklar på utsida. Samtidig snakkar dei vaksne rundt eit langbord.

Språkbarrierar har gjort det vanskeleg for nokre å forstå ordtaket «frå éi fjør til fem høns», og ein kan høyre glade utrop på mange ulike språk då Google kjem med redninga i form av eit bilete av ei fjør.

På kjøkenet er maten snart klar. Det er torsdag ettermiddag og tid for den vekevise fellesmiddagen i Shelter bu- og integreringssenter.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS