Horroren ved kunstig liv
Mary Shelleys klassiske roman Frankenstein viser oss dei katastrofale konsekvensane av mennesket si trong til å skape kunstig liv. Kan romanen fungere som eit varsko frå fortida på kunstig intelligens-feltet?
KLASSIKAR: Mary Shelley likte grøssarar og spøkelseshistorier. Med Frankenstein skapte ho ein av dei største klassikarane innan grøssarlitteraturen. Boka blir gjerne også rekna som den første moderne science fiction-romanen. Til venstre: Skodespelaren Boris Karloff som monsteret i filmen «Frankenstein» frå 1931.
Wikimedia Commons
Den britiske forfattaren Mary Shelley var 19 år gammal då ho gav ut romanen Frankenstein; eller Den moderne Prometevs i 1818. Utgivinga var anonym, og kom i tre band.
Først fleire år seinare stod Shelleys eige namn på framsida av det som gjerne blir omtalt som verdas første science fiction-roman. Science fiction, fordi Frankenstein er ei godt skrøna skrekkhistorie bygd opp kring tanken om og trua på store vitskaplege gjennombrot. Kva om mennesket kunne skape kunstig liv?
Den klassiske romanen kom i nynorsk omsetting for nokre år sidan, gjort av Øystein Vidnes, som ein del av forlaget Skalds klassikarserie. Det er denne omsettinga eg tek utgangspunkt i her. I nyare tid har også Kjetil Korslund omsett romanen til bokmål, gitt ut av Kagge forlag.
Bestill abonnement her
KJØP