Ho køyrer ikkje bil og tek ikkje fly. Men blir ho biskop seier ho ja til helikopterskyss til oljeplattform

DEN NORSKE KYRKJA: Sunniva Gylver kan bli biskop i Bjørgvin. Korleis vil miljøaktivistpresten dekkje bispedømet som strekkjer seg frå Nordsjøen til Miami?

Sunniva Gylver. Prest i Fagerborg menighet.
FLYR IKKJE: Å reise til Madagaskar i 2010 utan å fly blei for vanskeleg, fann sokneprest i Fagerborg kyrkje, Sunniva Gylver ut. Men sidan den gong har ho berre flydd éin gong. Det kan måtte endre seg blir ho biskop i Bjørgvin. Då har ho nemleg også tilsyn med alle sjømannskyrkjene rundt om i verda.
Publisert Sist oppdatert

– Viss eg blir biskop i Bjørgvin tek eg sjølvsagt helikopter for å reise på visitas på plattformene. Eg kan ikkje padle ut akkurat, seier Sunniva Gylver muntert.

Ho er sokneprest i Fagerborg kyrkje i Oslo, men er også éin av tre kandidatar til å bli biskop i Bjørgvin.

Gylver har markert seg tydeleg som miljøaktivist gjennom fleire tiår, og har snakka opent i det offentlege rom om prisen jorda og seinare generasjonar må betale for reiselysta vår.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS