Ho fortalde om opplevingar med ein overflatisk Hillsong-kultur. Sidan har meldingane rent inn
HILLSONG: Rebecca Instebø kjente at rammene i den globale kyrkja Hillsong blei for tronge, og forlét forsamlinga. Det er ho ikkje åleine om, fortel fleire henne etter at ho delte sine erfaringar.
OVERFLATISK: – Det opplevdest litt som ein amerikansk, «happy-clappy» måte å stelle seg til menneske på. Det var lite rom for å berre vere seg sjølv, fortel Instbø om korleis ho opplevde kulturen i Hillsong.
Privat
— Tilbakemeldingane har rent inn, fortel Rebecca Instebø.
Etter sju år som medlem og lovsongsleiar i Hillsong (og tidlegare Intro) fekk ho nok av å oppleve å ikkje kunne vere heile seg i kyrkja. Sidan Instebø delte erfaringar av å miste seg sjølv i ein konform kultur og ei gigantisk global kyrkje med Vårt Lands lesarar førre veke, har fleire kontakta henne.
— Dei fleste meldingane har komme frå folk eg ikkje kjenner, men som har kjent seg igjen i skildringane — frå Hillsong eller andre pinseforsamlingar, fortel Instebø.
Bestill abonnement her
KJØP