Kirke

Har lyst ut sokneprest-stilling to gonger – men får ingen på intervju

Ullensvang sokn slit med å finne sokneprest. Etter tre år med vikarar har dei heller ikkje denne gongen klart å tilsetje nokon fast.

Berre éi søkte på utlysinga som sokneprest i Ullensvang denne runden, skriv Hardanger Folkeblad. Førre omgang var det òg berre éin søkar.

Men soknet har enno ikkje hatt nokon på jobbintervju til stillinga – for begge har trekt søknadane sine før prosessen har kome så langt.

Sjølv etter å ha pussa opp prestebustaden på Lofthus for åtte millionar kroner, må Ullensvang sokn halde fram jakta.

Langdryg situasjon – men ingen «krise»

Situasjonen i Ullensvang sokn har pågått i tre år. Dei har hatt ulike vikarar, og no vil prost Arild Hellesøy i Hardanger og Voss prosti be Arnulf Sandvik, som er prostiprest og vikar, om å halde fram til dei finn ein fast.

– Me er nøgd med han. Sandvik fungerer veldig godt, fortel soknerådsleiar Torbjørn Dagestad til Hardanger Folkeblad.

Det er for tida mange ledige stillingar i Bjørgvin bispedømme, og det har gått lang tid mellom dei to rekrutteringsrundane. Prost Arild Hellesøy vil ikkje kalle situasjonen i desse sokna for «krise».

– Samtidig har ein har hatt tilfredsstillande vikarsituasjonar både i Ullensvang sokn og Utne og Jondal sokn, seier han.

LES ÒG: Teologistudenter: «Det er oss Mikael Bruun reserverer seg mot»

Problemet med rekruttering held fram

Omgrepa «prestekrise» og «prestemangel» har ikkje vore ukjende dei siste åra. Som Vårt Land har skrive om tidlegare, jobbar nesten halvparten av dei yrkesaktive teologane i landet ikkje som prestar.

Frå 2016 og ti år fram i tid vil nærmare 400 av landets om lag 1200 prestar pensjonere seg – og prestemangelen melde seg ytterlegare, meiner mange.

Det er vanskeleg å få nok søkarar til stillingane. I 2018 måtte 34 prestestillingar lysast ut på nytt, og fleire av dei meir enn to gonger, silk som i Ullensvang.

LES MEIR:

• Teologistudent: - De som setter Guds ord høyt, bør melde seg ut av Dnk

• Elise Kruse: «Kanskje Den norske kirke trenger å drive religionsdialog innenfor sine egne rekker»

80 har meldt seg ut av kirken i Sogndal etter Mikael Bruuns uttalelser

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke