RELIGION: Britt Strandlie Thoresen er oppteken av at religion kan bli bruka til både det gode og det vonde. – Det er det individet som avgjer. Me må ikkje kaste ut barnet med vaskevatnet.
Erlend Berge
Har både Jesus og Muhammed som profetar
Biblioteket i den raude firemannsbustaden på Røa i Oslo er like omfattande som det er mangfaldig. Her står Knut Hamsuns samla verk, «The art of Buddhism» og Isabel Allende i skjønn foreining. På armlenet på den vesle sofaen ligg det baha’i-bøker på rekke og rad, dei er nemleg i bruk kvar morgon under ekteparet Thoresens faste morgonstund. Då er meditasjon, tekstlesing, bøn og den kinesiske treningsforma qigong på programmet.
– Men qigong er berre for å få kroppen i gang, det har ingenting med baha’i-trua å gjera, så det treng du ikkje nemne, legg Britt Strandlie Thoresen til.
Ho fortel at mange av bøkane og spesielt klassikarseriane er arva etter faren som var bokhandlar. Også fleire av møblane kjem frå barndomsheimen i Skien, der ho vaks opp på 40- og 50-talet. Faren og Britt stod kvarandre veldig nær.
Bestill abonnement her
KJØP