Religion

Handballforbundet kan trekke all aktivitet frå BCC-kopla arena

Fleire titals handballklubbar har ytra misnøye med å skulle spele kampar i BCC-kopla Oslofjord Arena. No seier forbundet at det blir alt eller ingenting i framtida – handballstyret tek avgjerda.

Bilde 1 av 2

– Alle klubbane vil delta, men dei ønskjer at spelet skal flyttast til ein annan arena. Eg håper og trur at klubbane avventar ei endeleg avgjerd frå norsk handball, seier Erik Langerud, generalsekretær i Noregs Handballforbund.

Sidan saka byrja å murre like før jul, har det brent stadig meir under føtene til handballforbundet. Det er bruken av Oslofjord Arena som skaper misnøye i Handball-Noreg. Arenaen er eigd av Brunstadstiftelsen, som er tett knytt til Brunstad Christian Church (BCC) – tidlegare kjent som Smiths venner.

Det er verdisynet til BCC, spesielt knytt til seksualitet og homofili, som opprører klubbane.

– Eg har sikkert fått mellom 20 og 30 brev frå ulike handballklubbar. Tilbakemeldingane er ganske eintydige, fortel Langerud.

• LES MEIR: Boikottar handballfinalar fordi arenaen er knytt til Brunstad Christian Church

Krever raust og aksepterande miljø

Éin av klubbane som har sagt ifrå til forbundet, er Charlottenlund Sportsklubb (CSK) i Trondheim.

– Vi legg til grunn at idretten skal vere inkluderande. Det vil seie at vi skal vere rause og aksepterande, sjølv om ein ikkje er A4. Nokon er heterofile, nokon er homofile – det skal ikkje vere avgjerande for å vere ein del av idrettsfamilien. Det same gjeld hudfarge og tru, seier Geir Jarle Sirås, styreleiar i CSK Håndball.

Geir Jarle Sirås, styreleiar i Charlottenlund Sportsklubb Håndball.

Sirås fortel at klubben reagerte då dei fann ut at Oslofjord Arena er kopla til BCC. I utgangspunktet er CSK éin av klubbane som skal delta i sluttspelet av Lerøyserien i april. Det er no usikkert.

– Spelarane våre er ungdom som er i ein vanskeleg alder, i ei brytingstid der dei finn seg sjølve. Vi er sterkt usamde i at Lerøyserien skal avsluttast i Oslofjord Arena, dersom ikkje forbundet gjer noko.

CSK-styreleiaren meiner det kan vere mogleg å gjennomføre handball i arenaen, men at ein då må unngå alt som kan måtte bli oppfatta som negativitet opp mot ei seksuell legning, og opplyse før kvar kamp at ein tek avstand til BCC sine haldningar knytt til homofili.

Vil ikkje vere sponsor

CSK-styreleiaren fortel at han sjølv er medlem i Den norske kyrkja, men at han ikkje ønskjer å påtvinge andre sitt eige syn.

– Når det er nedfelt i både norsk lov og i vedtektene til handballen at vi skal vere inkluderande, så kan vi ikkje bruke ein arena som kan støte frå oss dei med ei anna seksuell legning.

Sirås er tydeleg på at han forstår at det er trusfridom og at det finst ulike syn på homofili.

– Men det blir feil om norsk idrett skal vere med på å sponse ei verksemd som er i strid med eigne intensjonar.

Handballpresidenten: Skal bruke god tid på saka

Langerud i handballforbundet seier at dei har samla inn dokumentasjon frå klubbar, handballregionane og frå arrangørstaden. Administrasjonen kjem til å legge fram saka, utan forslag til innstilling, når handballstyret er samla frå fredag til søndag denne veka.

– Det er viktig for handballforbundet å understreke at vi tek klubbane på alvor. Vi vil ha aktivitet, så aktivitetsavgrensande tiltak er alvorleg for oss, slår Langerud fast.

Kåre Geir Lio, handballpresident og leiar i forbundsstyret, seier at styret skal bruke god tid på saka.

– Eg veit ikkje kor vi landar hen, men vi skal få til eit så godt vedtak som mogleg.

– Saka får ein ekstra dimensjon med tanke på trusfridom og skilje mellom BCC og Oslofjord Arena. Kva tenkjer du om det?

– Dette er noko av det vi må diskutere. Akkurat no vil eg ikkje seie så mykje om det, men vi kan gå nærare inn på det når styret har behandla saka, svarer Lio til Vårt Land.

Ungdommane skal få siste ord

Sirås i CSK Håndball meiner forbundet har fått eit tydeleg signal frå klubbane. Han meiner det er mogleg å finne ein annan arena.

– Uansett kva styret kjem fram til så er det ungdommen som skal delta som har siste ordet i saka. Dei vel sjølve om dei vil spele i ein slik hall. For oss er det viktig at dei ikkje skal ha ei negativ oppleving, seier Sirås.

Fleire handballarrangement skal i utgangspunktet gå i Oslofjord Arena. Det er allereie klart at fleire klubbar har trekt seg frå Region Sør Cup neste månad. Langerud i forbundet seier at handballen vil komme fram til eitt felles standpunkt.

– Anten vil vi kunne arrangere alt i Oslofjord Arena, eller så blir det ingenting. Det blir ikkje at noko er der og noko ikkje.

OCC avviser diskriminerande haldningar

Gunnar Fosseng, salssjef ved Oslofjord Convention Center, har i ein tidlegare artikkel i Vårt Land, avvist diskriminerande haldningar på Oslofjord Arena.

– På Oslofjord tolererer vi ikkje diskriminering knytt til rase, tru, legning, kjønn eller andre personlege forhold. Vi er det største og mest moderne convention-senteret i Noreg, og vi er opne for alle. Vi kunne ha vore vertskap for eit Pride-arrangement om nokon skulle ønske å arrangere det her på Oslofjord, seier han.

LES OGSÅ:

Gro Hammerseng er skeptisk til at handballkampar blir spelt på BCC-senter

Tidlegare smithevenn: «Kvifor aukar pulsen min av tanken på at nokon kan identifisere meg?»

• Berit Hustad i BCC er kritisk til dokumentar om «lukkede» menigheter

• Den nye sannheten om Smiths venner

---

Brunstad Christian Church

  • Brunstad Christian Church er eit verdsomspennande kristent trussamfunn som oppstod i åra etter at Johan Oscar Smith blei omvendt i mai 1898.
  • I Noreg har BCC 19 lokalkyrkjelydar som òg er organiserte som sjølvstendige foreiningar med eigen økonomi og eiga leiing.
  • I 2018 hadde BCC eit driftsresultat på 143,3 millionar kroner, der hovuddelen av inntektene kom i form av gåver og kollekt frå medlemmane, andre givarar og lokalkyrkjelydar.
  • BCC mottok tilskot for 8.235 medlemmar i 2018. Det samla stats- og kommunetilskotet for 2018 var på 9,5 millionar kroner.
  • Brunstadstiftelsen blei oppretta av BCC i 2002. Noko av hensikta med etableringa var at BCC skulle skilje mellom trussamfunnet på den eine sida, og næringsdrift og eigedomsforvalting på den andre sida.
  • Brunstadstiftelsen driv mellom anna Oslofjord Convention Center, og vidare Oslofjord Arena, på Brunstad i Stokke i Vestfold.

---

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion