– Han var ein helt
DEN KATOLSKE KYRKJA: På eine sida av alteret i St. Olav domkyrkje står ei julekrybbe, på den andre eit bilete av pave Benedikt. På torsdag skal han gravleggjast.
ST: OLAV DOMKYRKJE: – Benedikt prøva å ta vare på tradisjonane og læra til kyrkja i ei vanskeleg tid, der det kom angrep frå mange hald, meiner Ingvild Cecilia Aavitsland.
Marit Mjølsneset
Det er snart tid for messe i St. Olav katolske domkyrkje i Oslo.
I ny og ne går døra opp for å sleppe inn nye, og ein får eit glimt av snøføykja utanfor. Alle korsar seg i det dei kjem inn, nokre kneler i tillegg, før dei finn plass i benkeradene.
Framme i kyrkja, på motsett side av den store julekrybba står eit stort foto av den nyleg avdøde tidlegare paven, Benedikt 16., eller Joseph Alois Ratzinger, som han heitte då han kom til verda i Tyskland i 1927.