Han skal bli prest, men har ikkje teologiutdanning. Snart kan det nålauget bli trongare

REKRUTTERING: Den såkalla «profetvegen» kan bli smalare viss eit utval i Den norske kyrkja får det som dei vil. Men desse prestespirene utan profesjonsutdanning trengst i kyrkja, meiner preses Olav Fykse Tveit.

Publisert Sist oppdatert

Ei av redningane for den aukande prestemangelen har vore at personar utan profesjonsstudiet i teologi har kunna søke om å få bli prestar likevel. «Profetvegen» har unntaket blitt kalla. Ein slik potensiell prest, viss han eller ho har «særskilte kvalifikasjoner», har då kunna bli godkjent av ei nemnd for å kunne gå ein kortare veg enn det seksårige studiet før ordinasjon. Men nyleg konkluderte eit utval med at dagens ordning har fleire problem.

Eitt av problema: Det utydelege «særlige kvalifikasjoner». For kva er eigentleg ein særskilt kvalifikasjon? Og korleis vurderer ein desse rettferdig?

For vikarprest Roar Herlof Storjord i Beiarn menighet i Nordland var det hans 30 år i frikyrkja, og mange år i lokale kyrkjelyder og på institusjon, i tillegg til nokre kristendomsfag. Hadde «profetvegen» forsvunne før hans tid, ville vegen til presteteneste truleg blitt lenger.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP