Han blir ny kyrkjerådsdirektør
DEN NORSKE KYRKJA: Fredag tilsette Kyrkjerådet ny toppleiar som skal ta over etter Ingrid Vad Nilsen.
SYNLEG: – Den norske kyrkja er landets folkekyrkje, den største organisasjonen i sivilsamfunnet, og ein formidlar av tru, håp og kjærleik. Eg vil jobbe for at kyrkja skal vera ein synleg aktør i samfunnet og at folk skal oppleve kyrkja som relevant, seier Ole Edvard Wold-Reitan i ei pressemelding.
Den norske kyrkja
Kyrkjerådet har tilsett Ole Edvard Wold-Reitan (58) som ny direktør. Han blir dermed den øvste, administrative leiaren i Den norske kyrkja, og får personalansvar for dei om lag hundre personane i sekretariatet til Kyrkjerådet.
Wold-Reitan kjem frå stillinga som stiftsdirektør i Oslo bispedøme, og har bakgrunn frå kultursektoren og Det kongelege hoff. Han har utdanning innan jus og leiing.
Då Vårt Land slår på tråden er det berre ein knapp halvtime sidan Wold-Reitan sjølv fekk beskjeden. Likevel er han alt på veg ut dørene for å køyre til Asker for å møte Kyrkjerådet som er samla der.