Halvparten sluttar på religiøse aktivitetar etter ungdomsskulen: Dette trur Anna-Naomi er årsaka

NYE TAL: Anna-Naomi Kleivset (17) synest det kunne vera krevjande å vere den einaste kristne i klassa si. Nye tal viser at mange sluttar på aktivitetar i religiøs regi når dei byrjar på vidaregåande.

SAMANSETT: Stor arbeidsmengd på skulen, eit ynskje om å passe inn og mangel på tilbod retta mot aldersgruppa trur Anna Naomi Kleivset er nokon av grunnane til at færre vidaregåandeelevar deltek i kristent arbeid enn yngre aldersgrupper.
Publisert Sist oppdatert

Anna-Naomi Kleivset er 17 år gammal og går i andre klasse på vidaregåande. I år skal ho vera leiar for eit kristent skulelag, i regi av Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (også kjent som Laget). Det gjer ho eit mindretal blant ungdom.

For ellevte gong har det komme ein nasjonal Ungdata-rapport, som gjennom spørjeundersøkingar prøvar å finne ut korleis dagens barn og ungdom har det, og kva dei driv med på fritida.

Her kjem det fram at talet på ungdom som deltek på aktivitetar, møter eller øvingar i «religiøse foreninger» éin eller fleire gonger i månaden blir meir enn halvert frå ungdomsskule til vidaregåande.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS