– Fysikken er rarare enn Gud
TRU OG VITSKAP: Vi møtte skodespelar Svein Tindberg og filosof og fysikar Hans Herlof Grelland til ein samtale om tru og vitskap.
Skodespelar Svein Tindberg og kvantefysikar og filosof Hans Herlof Grelland diskuterer dei store spørsmåla. – Dersom eg først skal tru på ein Gud ... men eg trur ikkje at han kan gå på vatnet? Kva er vitsen då, liksom? spør Tindberg.
Tuva Skare
– Eg veit ikkje kvifor dei begynte å kalle han for gudspartikkelen. Men han høyrer med blant elementærpartiklane – dei minste partiklane som finst. Og til kvar partikkel høyrer det ei heil verd, seier fysikar og filosof Hans Herlof Grelland.
– Gudspartikkelen forklarer eksistensen av masse.
Masse, altså. Meir eller mindre alt vi ser rundt oss, har masse. Ikkje lyset – det har ikkje masse. Men alt vi kan ta og kjenne på. Alt som lever. Mennesket ville vore ein saga blott utan masse. Gudspartikkelen er altså ein slags føresetnad for at vi er til.
Bestill abonnement her
KJØP