Fryktar dei ikkje får delt ut skulebiblar
MOTBØR: Kvart år får 10-15.000 norske skuleelevar biblar frå Gideon som ei personleg gåve. No møter organisasjonen motbør frå Utdanningsdirektoratet, som tilrår at kommunane stansar praksisen.
BIBEL TIL FOLKET: Organisasjonen Gideon deler ut Bibelen til skular, overnattingsstadar og institusjonar. No fryktar generalsekretær Steinar Hopland at dei må stansa den personlege utdelinga av biblar til elevar. Biletet er frå Vårt Lands besøk i 2019.
Erlend Berge
— Vårt hovudprinsipp er at me deler ut Bibelen frå ein til ein. Den er vår heilage skrift, og me føler at utdelinga må skje personleg. Ein rektor bad oss om å setja ein kartong med biblar utanfor skulen, det føler me ikkje blir heilt riktig.
Det seier generalsekretær i Gideon i Noreg, Steinar Hopland. Han fortel at organisasjonen deler ut 10-15.000 biblar til skuleelevar i året.
Oftast skjer denne utdelinga personleg, men det kan det koma til å bli ein slutt på.
Bestill abonnement her
KJØP