Franske kyrkjer blir vandalisert – minister lovar handling
FRANKRIKE: Etter fleire tilfelle av tjuveri og vandalisering av kyrkjer i Frankrike, har innanriksministeren lova å sette ein stoppar for religiøs vandalisme i landet.
PÅTENT: I sommar brann Cathédrale Saint-Pierre-et-Saint-Paul i Nantes. Ein person har seinare innrømma at han tente på.
Romain Boulanger
-
1. januar: Ei Jesus-statue blir riven ned frå ein nisje Saint-Porchaire-kyrkja i Poitiers.
-
5. januar: Ein person tek seg inn i Saint-Denis-basilikaen i Paris med eit jernstong, og går laus på fleire gipsstatuar, knuser eit glasmåleri og stel fleire religiøse gjenstandar.
-
6. januar: Nokon bryt seg inn i Saint-Germain-kyrkja i Vitry-sur-Seine, fleire dører blir øydelagde og eit forgylla nattverdsskar (ciborium) blir stole. Tjuvane tek med seg dei innvia hostia (nattverdsbrød).
-
9. Januar: To kyrkjer blir brotne inn i løpet av éi natt. I Saint-Pierre de Bondy-kyrkja tok dei seg inn gjennom eit knust vinauge og vanheilaga tabernakelet, sakristiet øydelagt, og hostiane stolne. I Saint-Germain-l’Auxerrois-kyrkja vart åtte liturgiske gjenstandar og lydanlegget i kyrkja stole.
Fransk presse har rapportert om fleire tilfelle av innbrot og vandalisering av kyrkjer i løpet av dei siste vekene. No varslar den franske innanriksministeren Gérald Darmanin handling.
«Eg drog på morgonen i dag til Saint-Germain-l’Auxerrois-kyrkja i Romainville for å gje mi fulle støtte til katolikkar etter ei rekke juveri og hærverk som har ramma fleire stader dei siste dagane», skriv Darmain på Twitter.