Fosen-aksjonen: Leiar for samisk kyrkjeråd melder seg ut av Arbeidarpartiet i protest
FOSEN: Leiar for samisk kyrkjeråd Sara Ellen Anne Eira melder seg ut av Arbeidarpartiet på grunn av regjeringas handsaming av Fosen-domen. Det same gjer kyrkjerådsmedlem og tidlegare Ap-ordførar Rolf Steffensen.
MELDER SEG UT: – Eg kan ikkje lenger vera medlem av eit parti med ein slik politikk. Det vil eg ikkje assosierast med, seier leiar i samisk kyrkjeråd, Sara Ellen Anne Eira.
Tuva Skare
– Eg støttar aksjonistane fullt ut.
Det seier leiar for samisk kyrkjeråd i Den norske kyrkja (DNK), Sara Ellen Anne Eira.
Det handlar om demonstrantane som blokkerer inngangane til Olje- og energidepartementet i Oslo sentrum.