At Tom Victor Gausdal ber til Gud kvar dag, nærmast imponerer og overraskar kokkekollegane. Han ser at ei avslappa formidling til dei rundt han ofte landar godt.
Erlend Berge
For Tom Victor Gausdal må to ting til i påska. Tradisjonell lammesteik er ikkje ein av dei
PÅSKEMÅLTID: Meisterkokkens optimale «påskemat» vil nok overraske mange. Også trua hans på påskens bodskap er ei sjeldan råvare i kokke-Norge.
Bransjen til Tom Victor Gausdal er i kneståande. Som kokk i hovudstaden har det siste årets nedstengingar gått inn på han. Håplause, makteslause og mangel på fridom er kjensler han har vore innom, meir enn éin gong.
– For å vere ærleg, har det siste året vore heilt grusomt. Skikkeleg grusomt, fortel den tidlegare sølvvinnaren av kokke-VM, Bocuse d’Or.
Borda på restaurantane hans står tomme. Skatehallen er stengd. Når han går forbi symjehallen, kor han pleier gå med barna, stikk det i magen. Men noko av det verste, er kyrkjas låste dør.
Bestill abonnement her
KJØP