For tjue år sidan hadde fire tenåringar ein idé. I år er 2000 unge samla

UNGE: Dei fire 17 år gamle kompisane kjente seg aleine som kristne. – Ingen av oss hadde sett for oss dette, tjue år seinare, seier ein av kompisane, Kristoffer Stokke, om Get Focused-festivalen.

Get Focused, kristen tverrkyrkjeleg festival for ungdom og unge vaksne.
KRISTEN MØTEPLASS: Celine Rensel, Ivar Glenna Bodsberg, Ola Gulbrandsen og Ådne Rasmussen har tatt turen til Get Focused i Sandefjord kommune. Dei kjenner kvarandre frå folkehøgskulen Hedmarkstoppen, men set også pris på å møte nye menneske på festival.
Publisert Sist oppdatert

– Dette er haustens høgdepunkt. Get Focused gjer november betre, seier Mathias Edvardsen (21).

Den låge sola lyser så skarpt gjennom dei store vindauga som berre novembersola kan. Det vrimlar av ungdom og vaksne inne på standområdet til den kristne festivalen Get Focused.

Bibelskular, folkehøgskular og misjonsorganisasjonar kappar om å lokke dei til seg med saccosekkar, lykkehjul og dorullstablekonkurranse.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS