Før Gry er ferdig utdanna, jobbar ho som prest. Snart kan fleire få gjere som ho
REKRUTTERING: I bispedømma som sårt treng prestar, får vikarar betalt medan dei studerer på deltid. No nærmar det seg ei nasjonal ordning.
PRESTESPIRE: Gry Åland har ei lang karriere bak seg innan kommunikasjon og tolking. No tolkar ho bibeltekstar, og møtar menneske, i Øksnes i Vesterålen. På bildet: Myre kirke.
Privat / Wikimedia Commons
– Du burde bli prest.
Gry Åland byrja å le då ein eldre mann ho ikkje kjente fortalde henne dette for snart 24 år sidan. Ho var i eit bryllaup, som tolk, men denne mannen hadde lagt merke til korleis ho formidla framme i kyrkja. Sjølv om Gry flira, blei ho kanskje treft likevel.
No jobbar ho som prestevikar i Øksnes i Vesterålen, og til sommaren 2023 er ho forhåpentlegvis ferdig utdanna.