Torbjørn Holt er tidlegare prest i DNK. No skal han bli katolsk prest.
YTTERKANT: – Skal du jobbe i Sjømannskyrkja må du like å jobbe i yttersonene av kyrkja. Eg har alltid trivast i grensesonene og dei har Den katolske kyrkja mange av, seier tidlegare sjømannsprest Torbjørn Holt.

For fire år sidan var Torbjørn Holt sjømannsprest. No er han vigsla til teneste i Den katolske kyrkja

KONVERTITT: Etter nesten tre tiår som prest i Den norske kyrkja konverterte Torbjørn Holt til katolisismen. Han meiner det er ein mindre dramatisk overgang enn om han skulle blitt pinseven.

Publisert Sist oppdatert

Det er heilage tre kongars dag i 2020. Juletreet står framleis oppe i St. Olav kyrkje i London. Torbjørn Holt har vore sjømannsprest her i fjorten år, og i dag er benkeradene fulle av menneske som vil ta avskjed med han.

Då Holt lyfter hendene for å lyse signinga over dei for siste gong, er det ein ekstra sterkt augneblink for hans del. Han har tenkt på denne augneblinken i fleire år, og visst at det ville koma. Det dei færraste frammøtte veit er dette ikkje berre er avslutninga på tenesta som sjømannsprest i London, men for heile prestetenesta hans i den lutherske kyrkja.

Få dagar seinare offentleggjer han på Facebook at han har bedt om å bli teken opp i Den katolske kyrkje.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS