Folkerøysting om dødshjelp i Italia

UNDERSKRIFTSKAMPANJE: Jacopo Bizzotto er ein av 750.000 italienarar som har skrive under på ei kampanje for å avkriminalisere aktiv dødshjelp. – Alle skal kunne bestemme over eige liv, meiner han. Den katolske kyrkja er kritisk.

Jacopo Bizzotto i forbindelse til en sak om underskriftsamling for folkeavstemning om dødshjelp i Italia (Pilestredet Park, Oslo)
YNSKJER ENDRING: Jacopo Bizzotto meiner argumenta om å få ei verdig avslutting på livet, og retten til å bestemme over eige liv skal vega tyngst i spørsmålet om aktiv dødshjelp skal avkriminaliserast i heimlandet Italia.
Publisert Sist oppdatert

Det går mot folkeavstemming om avkriminalisering av aktiv dødshjelp i Italia. For nokre dagar sidan nådde ein 750.000 underskrifter på ein kampanje for å oppheve ein klausul i ei lov frå 1930, som straffar «drap på ein samtykkande person» med opp til 15 års fengsel. Det skriv britiske The Times.

Dette vil ifylgje komiteen bak underskriftskampanjen fjerne hindringane for å legalisere aktiv dødshjelp.

500.000 er grensa for å utløyse ei offentleg folkerøysting i Italia. Men komiteen som står bak underskriftskampanjen hadde eit mål om å nå 750.000 underskrifter innan 30. september, for å vera heilt sikre på at eventuelle feil, vanskar eller forseinkingar i innsamlinga eller i den offentlege administrasjonen ikkje fører dei under grensa.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS