Nyheter

Fødselskyrkja opnar dørene - berre 50 får sleppe inn

Berre 50 får vere i Fødselskyrkja samstundes. Kyrkja i Betlehem, som er éin av kristendommens heilagaste stader, opnar tysdag.

I mars stengde koronapandemien Fødselskyrkja i Betlehem. Tysdag kunne folk på nytt stige inn i heilagdomen som ligg på Vestbreidda.

Opninga kjem fordi palestinske sjølvstyresmakter opnar opp samfunnet etter nesten tre månaders nedstenging, melder Al Jazeera. Kyrkjer, moskear, butikkar og restaurantar kan på nytt ta imot folk som ønskjer å be eller ete.

Viktig heilagdom

Biskop Theophylactos, overhovudet for den gresk-ortodokse kyrkja i Bethlehem, stod for den offisielle gjenopninga. Han kyssa eit ikon medan ein prest spraya heilagt vatn i grotta som markerer staden der Maria fødde Jesus.

I kring 1700 år har Fødselskyrkja i Betlehem markert staden for Jesu fødsel. Kyrkja er éin av kristendommens heilagaste stader og éi av verdas eldste kyrkjer som er i dagleg bruk.

Styrt av palestinarane

Betlehem ligg på Vestbreidda som fram til 1967 var ein del av Jordan, men etter at Israel okkuperte territoriet under seksdagarskrigen i 1967, har det vore underlagt israelsk kontroll.

Men som eit resultat av Oslo-avtalen frå 1993, er Betlehem under fullstendig palestinsk kontroll. Byen ligg om lag ti kilometer sør for Jerusalem, og er administrert som eit såkalla «A-område», altså ein del av Palestina.

LES MEIR OM FØDSELSKYRKJA

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter