Flyttar Krik-messer: – Dumt at eit lite regnbogeflagg gjer at dei ikkje kan vera hjå oss
OSLO: I fleire år har Krik arrangert messer i Ila kyrkje. Det har dei no slutta med. – Blant våre medlemmar fungerer ikkje regnbogeflagget samlande, seier generalsekretæren.
LHBTQI: Camilla Juell er dagleg leiar i Mer, som er Den norske kyrkja og KFUK-KFUM si kyrkje for unge vaksne i heile Oslo. Dei held til i Ila kyrkje. Her er ho i domkyrkja i Oslo i forbindelse med ei regnbogegudsteneste.
Sindre Deschington
I Oslo har Krik, eller Kristen Idrettskontakt, nokre gonger i året invitert unge vaksne og studentar til Krik-messer i Ila kyrkje.
Men i mai gjorde ei lita setning i eitt innlegg på sosiale medium det klart at det er det slutt på: «Denne gongen møtest me på Grefsen i Grefsen kyrkje».
Både Ila kyrkje og Grefsen kyrkje er eigd av Den norske kyrkja.