Fleire omkomne ved teologisk seminar i Addis Abeba
FLAUM: Ein kraftig, lokal nedbør har ført til flaum på det teologiske seminaret til Mekane Yesu-kyrkja i Addis Abeba. Ni personar skal ha drukna. – Tragisk, seier landdirektøren for Kirkens Nødhjelp.
SKADER: Flaumen tok livet av både vaksne og barn, og det er også store, materielle skader ved det teologiske seminaret til Mekane Yesu-kyrkja i Addis Abeba, Etiopia.
Foto: Adanech Abiebie/Twitter
– Dette er ein stor tragedie som har gått tungt inn på mange, fortel Eivind Aalborg, landdirektør i Etiopia for Kirkens Nødhjelp.
Det teologiske seminaret til Mekane Yesu-kyrkja i Addis Abeba, vart tysdag ettermiddag råka av eit kraftig nedbør, og på kort tid vart området dekt av store vassmengder.
Mekane Yesu er ei kyrkje med sterke band til fleire norske organisasjonar som Det Norske Misjonsselskap (NMS), Misjonssambandet og Kirkens Nødhjelp, og mange nordmenn har opp gjennom tidene jobba på seminaret til kyrkja i hovudstaden.