MYKJE Å GJERE: Festivalsjef Benedikte Bjerknes og medarbeidarane er i gang med siste innspurt før Ufestivalen.
Sindre Deschington
Festivalsjefen (25) kjenner seg tryggare i rolla denne gongen: – I fjor var det gøy, men det er gøyare i år
UFESTIVALEN: I helga blir den årlege ungdomsfestivalen til Pinsebevegelsen arrangert på Hedmarktoppen. Benedikte Bjerknes er festivalsjef for andre gong, og kjenner seg tryggare no.
Ein slåande varme i fuktig sommarluft møter einkvan med utsiktspunktet over Hamar som mål onsdag ettermiddag.
Elevane ved Hedmarktoppen folkehøgskule har reist heim, og det er tilsynelatande lite som tyder på at det snart skal vere over 1000 personar samla her. No skal nemleg «Toppen» omgjerast til festivalområde for ungdommar i Pinsebevegelsen.
Men inne i hovudbygget til folkehøgskulen er førebuingane til Ufestivalen for lengst i gong. I peisestova sit ei handfull unge vaksne i sofagrupper og langs eit langbord, midt i ferdigstillinga av planane som er lagt for festivalen gjennom året.