SJØLVBILETE: – Eg er ikkje lenger sterk, talefør og sosial, men meir puslete, stum og ustø. Slik er det berre. Og det er meg det også, seier Bente Heibø Modalsli.
Giulia Troisi
Ferdig snakka
Det er ein sommardag i 2019. Huset og eigedommen på Helle er ikkje berre Bente Heibø Modalsli sin barndoms paradis. Det ville gått inn i dei flestes bilete av ein sommardraum.
Bustadhuset oppe på bergknausen med utsikt over Hellefjorden. Brygga med ei sklie rett ut i sjøen, og eit kvitt, lite gjestehus i enden. Dei små platåa med plenar med leikestove, trampoline, sitjegrupper og hammock.
For eit halvt år sidan, i utgangen av 2018, gav ho seg som prost i Bamle for å bli pensjonist, og skreiv på Facebook: «Det er faktisk noko positivt spanande med ei ny livsfase med utfordringar, val og høve til kva resten av livet kan brukast til! Akkurat no ser eg fram til å gå inn i dette landskapet med forventing».