Etterlyser liturgi for dødfødde: – Ville gjort meg tryggare
SORG: Når prest Mari Saltkjel i Den norske kyrkja skal halde seremoni for eit barn som har døydd før fødsel, opplever ho å mangle konkrete rammer. Kyrkjerådet kallar det ei viktig etterlysing, men vil ikkje garantere å vedta liturgi.
ANNLEIS: Som prest er møtet med pårørande etter ein dødfødsel annleis enn annan type sorg, fortel Mari Saltkjel. Ho kunne tenkt seg eit liturgisk rammeverk å lene seg på.
Ruth Einervoll Nilsen
«For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv».
Orda frå Johannes 3:16 kan gi mange trøyst i ei gravferd. Men bibelverset er eit uttrykk for ein liturgi som er forma for ein annan situasjon enn når eit lite barn dør, slik sokneprest Mari Saltkjel ser det.
I tenesta si i Sør-Vågsøy i Vestland opplever ho å halde fleire seremoniar i sorga etter eit dødfødd barn – både etter ein spontan eller sjølvvald abort. Til denne markeringa må ho finne orda sjølv.