Etter eitt år i drift hadde den kristne skulen håpa på høgare søkartal

SKULE: Pinsekyrkja Jesus Church opna Hans Nielsen Hauge Grunnskoler i fjor, men har ikkje så mange elevar dei skulle ønskje. Kristne Friskolers Forbund trur framleis det er plass til fleire kristne skuler.

Øyfrid Sofienlund
STARTA OPP I 2023: Vårt Land besøkte Hans Nielsen Hauge Grunnskoler i Oslo før oppstart i August i fjor.
Publisert Sist oppdatert

– Det har kanskje overraska meg litt at det ikkje har vore større interesse foreløpig. Men eg skjønar at det tar tid å bli kjent.

Det seier Øyfrid Sofienlund, som er rektor på Hans Nielsen Hauge Grunnskoler. Då pinsekyrkjelyden Jesus Church starta opp to privatskular i Oslo og Nordre Follo i fjor, var Vårt Land til stades like før skulestart i august for å skrive om forventningane rektoren hadde til dei nyetablerte skulane.

Den gongen var målet at minst 20 elevar skulle starte opp med skulegang i Oslo. Sofienlund fortel at Oslo-avdelinga, lokalisert i Skådalen nær Holmenkollen, enda opp med rundt 15 elevar, og at dei til neste skuleår blir nokre fleire.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS