Englane står vakt og prisar Gud

Rundt 13 prosent av salmane i Norsk salmebok nemner englar. Hovudvekta i omtalen ligg på song, glede og englevakt.

Norsk Salmebok
SALMEMARATON: Alf Kjetil Walgermo har lese seg gjennom alle dei 991 salmane i salmeboka for å finne ut kva avtrykk englane har sett i den norske salmeskatten.
Publisert Sist oppdatert

Korleis står det til med englane i den norske salmeskatten? Bibelen fortel mykje om englar, men kva fortel Norsk salmebok? Blir englane løfta fram på songens venger, eller må dei stort sett dale ned i skjul?

Vi bestemte oss for å lese oss igjennom salmeboka (Norsk salmebok 2013) på jakt etter svar. Inntrykket før vi begynte lesinga, var at englane iallfall er tungt til stades i salmane vi syng i juletida. Ganske raskt skulle dette vise seg å stemme.

Først registrerte vi rett nok at englane berre er med i nynorskversjonen og ikkje i bokmålsversjonen av Eyvind Skeies flotte adventssalme «Tenn lys». På nynorsk er avslutningsstrofa «Nå møtes jord og himmel i barnet, lagt på strå!» gjendikta til «No møtest jord og himmel og englar jublar med».

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP