Ekteparet skulle leie Frelsesarmeen i Levanger. Så måtte dei ut av landet
TRØNDELAG: Rhonda og Joel Harmon kom til Noreg i fjor for å leie kyrkjelyden til Frelsesarmeen i Levanger. Nesten eitt år seinare måtte dei reise heim att. Årsaken: Dei manglar mastergrad.
AVSLAG: Rhonda og Joel Harmon og barna reiste ut av Noreg for få dagar sidan. Frelsesarmeen har sørga for at ein bustad står å ventar på dei heime i USA, fortel distriktsleiar Berit Kristiansen.
Frelsesarmeen
Joel og Rhonda Harmon kom til Noreg frå heimlandet USA i november i fjor. Ganske umiddelbart søkte dei om opphalds- og arbeidsløyve. Det fortel distriktsleiar for nordre divisjon i Frelsesarmeen, Berit Kristiansen.
Nesten eitt år etter kom svaret på søknaden. Ekteparet og barna måtte ut av landet innan 3. desember. Det melder avisa Innherred som fyrst skreiv om saka.
Grunngjevinga skal vera at personar som kjem for å jobbe som religiøse leiarar i Noreg må ha ein mastergrad. I tillegg tener dei 20.000 kroner for lite for å nå minstekravet på 449.000 kroner, melder Innherred.