Einige om løn i Den norske kyrkja
EINIGHEIT: Arbeidstakarsida kom med tydelege krav før årets lønsoppgjer i Den norske kyrkja. Likevel blei det aldri nokon skarp tone i forhandlingsrommet. Rett før midnatt var ei løysing på plass.
NØGD: Forhandlingsleiar for arbeidtakarsida Kristian Mollestad fekk ikkje oppfylt alle sine krav, men er likevel nøgd med å ha kome til ei semje.
Foto: Helene Moe Slinning (CUSTOM_CREDIT)
— Vi er nøgde med resultatet og glade for å vere i mål. Lønsoppgjer er alltid krevjande, men tonen har vore god, og alle har vore opptatt av å finne løysingar, seier forhandlingsleiar i arbeidsgjevarorganisasjonen KA Anne Cecilie Andresen i ei pressemelding.
Oppgjeret i år er eit mellomoppgjer, og har ei ramme på 2,8 prosent. Dette er om lag på nivå med frontfaget og kommunal sektor. Dei sentrale lønstillegga får verknad frå 1. mai i år.
Hovudkravet ikkje oppfylt