Susinga frå E6 kan så vidt ensast i bakgrunnen, sjølv om underlaget gjekk frå å vere asfaltert til gruslagt for fleire hundre meter sidan, og bilen til avisa beveger seg innover stadig grønare omgivnader.
Ved Fader Johannes Solberg sitt småbruk i Skjeberg, skulle ein likevel ikkje tru at avkøyrsla til ei av dei største fartsårene i landet ligg i nærleiken.
Eit lysegrått hus, kanskje ein tidlegare sveitservilla, kjem til syne. Det står omringa av fleire tilhøyrande uthus, og småbruket minner i det heile tatt om eit gardsbruk tidleg på 1900-talet, med roseplanter som strekk seg mot lyset utanfor, og høner som klukkar i hagen. Birøktarar er i ferd med å sanke honning frå kubane i skråninga.