– Eg tenkjer det er utruleg bra for kyrkja
Midt i hjartet av Geiranger ligg ei lita, åttekantkyrkje. Sola lyser opp dei kvite treveggane og rundt ho står turistane og fotograferer kyrkja med Geirangerfjorden i bakgrunnen.
I den blågrøne fjorden, omringa av mektige fjell ligg to store cruiseskip. Ein vanleg utsikt frå den gamle kyrkja.
Prest Barbro Godø Thomassen snik seg inn i det vesle sakrestiet og låser raskt døra bak seg.