Den norske kirke

Sparer 19 millionar på å ikkje senda ut valkort

DEMOKRATI: Kyrkjevalet er i gang, og minst 14 millioner kroner går med på reklamekampanjar. Samstundes sparer Den norske kyrkja 19 millioner kroner på å ikkje senda ut fysiske valkort.

«Hei du, lenge sidan sist? Var det i jula, i ei gravferd eller i eit bryllaup i fjor sommar? Eller går du kanskje ofte i kyrkja?»

Slik starta brosjyren som Den norske kyrkja sende ut i samband med kyrkjevalet i 2019. Brosjyren gjev ei innføring i kva kyrkjevalet er for noko, og inneheldt eit valkort.

Utsending av fysiske valkort i posten var det største og mest kostbare enkelttiltaket i kyrkjeval-kampanjen. I 2019 kosta utsending av desse korta 18,73 millionar kroner.

Det opplyser Emil Tan Engeset, kommunikasjonsdirektør i Kyrkjerådet, i ein e-post til Vårt Land.

I år droppar Den norske kyrkja å senda ut valkort, og bruker heller pengane på andre kommunikasjonstiltak.

Kjøper annonsar for 7 millionar kroner

Den digitale førehandsstemminga opna 10. august. Det markerte også startskotet for Den norske kyrkjas informasjonskampanje.

– Me satsar på ein kombinasjon av reklame i digitale kanalar, sosiale medium, på radio, plakatar i bybiletet og enkelte aviser, skriv Emil Tan Engeset i Kyrkjerådet.

g

Han opplyser at Kyrkjerådet kjem til å bruka nesten 9 millionar kroner på kampanjen. Om lag 1,8 millionar kroner går til filmproduksjon, foto, materiell, planlegging og testing. Per no kjøper Kyrkjerådet annonseplass for om lag 7 millionar kroner.

– I tillegg gjer tilsette og frivillige i 1.100 kyrkjelydar og 12.000 kandidatar over heile landet ein stor jobb med å fortelja om kyrkjevalet lokalt, skriv Engeset.

Oversikta til Kyrkjerådet inkluderer ikkje kostnader lokalt til annonsar i lokalaviser og innkjøp av standmateriell.

Tilsette og frivillige i 1.100 kyrkjelydar og 12.000 kandidatar over heile landet gjer ein stor jobb med å fortelja om kyrkjevalet lokalt

—  Emil Tan Engeset, Kyrkjerådet

Bruker rundt 1 million kvar

På nettsida kirkevalget.no er det oversikt over kandidatar og lister som stiller til val. Det er opp til valkampen frå nomineringsgruppene og kandidatane å fortelje kva dei ulike kandidatane står for, opplyser Engeset i Kyrkjerådet.

Det er tre nomineringsgrupper ved kyrkjevalet, i tillegg til Nominasjonskomiteens liste, der ein lokalt oppnemnt nominasjonskomite lagar forslag til liste.

Vårt Land har spurt dei fire aktørane kva dei bruker på kommunikasjonsarbeid. Fasiten er at dei alle bruker rundt ein million kroner kvar.

  • Frimodig kyrkje har fått 1,17 millionar kroner i valkampstøtte frå Kyrkjerådet. Dei reknar med å bruka rundt 900.000 kroner på produksjon av videoar, marknadsføring i sosiale media, utforming av annonsar ved kommunikasjonsbyrå og annonsering i kristenaviser, regions- og lokalaviser. I tillegg kjem utgifter til valseminar og løn til valmedarbeidar.
  • Åpen folkekirke får totalt 1,4 millionar av Kyrkjerådet til førebuing og gjennomføring av valkampen lokalt og nasjonalt. «Vi kommer til å bruke opp disse midlene», skriv rådgjevar Eilif Hallingstad Finnseth i ein e-post til Vårt Land.
  • Nominasjonskomiteens liste har ein felles kampanje som samla utgjer rundt ein million kroner. Dette utgjer størsteparten av støtta som lista har fått frå Kyrkjerådet, på 100.000 kroner per bispedømme.
  • Bønnelista ventar å bruka rundt 1,3 millionar kroner på kampanjearbeid.

Usikker innverknad på valdeltaking

Kifo, Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning har analysert førre kyrkjeval, som vart halde i 2019. Rapporten konkluderer med at det vart brukt ulike lokale informasjonstiltak før valet, utan at ein finn teikn på at desse har hatt ei stor innverknad på valdeltakinga.

Det betyr ikkje at kampanjane er bortkasta:

«Dette kan forklares med at slike informasjonstiltak primært retter seg mot de som i utgangspunktet er informerte og engasjerte i kyrkjevalet. Selv om informasjonstiltakene ikke ser ut til å øke valgdeltakelse nevneverdig, kan de likevel føre til mer informerte velgere».


Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke