Den norske kirke

Tek til orde for nattverd for ikkje-kristne

SAKRAMENT: – Me må frigjera oss frå tanken om at nattverdsmåltidet fyrst og fremst er eit uttrykk for tru, meiner biskop emeritus Atle Sommerfeldt, som er open for at også andre religiøse kan ta imot nattverd.

– Eg meiner praksisen me har no i norske kyrkjer der me gjev nattverd til barn som ikkje er døypte er heilt rett. Og så må me ha ei open samtale om kva me gjer med muslimar, jødar og buddhistar som held fast på sin religion, men ynskjer nattverd, seier tidlegare biskop i Borg bispedøme, Atle Sommerfeldt.

Han ynskjer seg ein diskusjon i Den norske kyrkja om korleis ein skal handtere slike situasjonar, og vil ikkje meine noko for sterkt før ein har hatt ei slik samtale.

– Men i utgangspunktet synest eg me bør vera opne for det.

Ein større del av gudstenestedeltakarar går til nattverd enn før, kan du lesa i Vårt Land. Ei nattverdsvekking, kalla Sommerfeldt det.

Avdelingsdirektør for kyrkjefag og økumenikk i Kyrkjerådet, Jan Christian Kielland, seier ein har tatt fleire grep for å få opp nattverdsbesøka, og meiner dette har gjort att nattverda har blitt oppfatta som noko som er for «personlege kristne», til å vera ein sentral del av gudstenesta med lågare terskel.

Det er Sommerfeldt glad for.

Fyrst og fremst er eit uttrykk for nåde

Han seier han ser at fleire i dåpsfylgja vel å gå til nattverd enn før, sjølv om dei kanskje ikkje er vane med å gå i kyrkja.

– Er det positivt at personar tek imot nattverd viss dei ikkje veit kva det inneber?

Det er denne typen problemstillingar me er i ferd med å frigjera oss frå. Nattverdsmåltidet er ikkje fyrst og fremst er eit uttrykk for tru, men for Jesu nåde og nærvær. For dei som ynskjer å kople seg på det så er nattverdsbordet ope, meiner Sommerfeldt.

Han trur ikkje alle har like klart for seg kva det vil seie å ta imot nattverd.

– Men Guds nåde er ikkje avhengig av kva eg sjølv måtte tenkje eller oppfatte.

Temaet med nattverd for ikkje-kristne har vore oppe før. Det skapte diskusjon då Vårt Land i 2020 skreiv om muslimske Razwan Afsar som i si masteroppgåve utfordra synet på at nattverden er eit rituale utelukkande for kristne.

Kan nekte personar nattverd

I gudstenesteboka for Den norske kyrkja står det at «alle som er døypte kan ta del i nattverden», men Kielland skiv i ein e-post at «dette praktiserast nok meir ope».

I gudstenesteboka kjem det også fram at presten i ein kyrkjelyd av «pastorale og kyrkjelege omsyn» kan nekte personar «som lever i openberr strid med kristen tru og moral», nattverd. Dersom dette blir aktuelt skal saka leggjast fram for biskopen.

Guds nåde er ikkje avhengig av kva eg sjølv måtte tenkje eller oppfatte

—  Atle Sommerfeldt

Generalsekretær i Bispemøtet, Elise Sandnes, skriv i ein e-post til Vårt Land at ho ikkje har kjennskap til saker der ein har vurdert å nekte personar nattverd. Ho opplyser om at ikkje har tal på, eller ei oversikt over slike saker.

Sommerfeldt: – Kyrkja må diskutere regelen

Regelen om at ein må vera døypt for å ta imot nattverd meiner Sommerfeldt at kyrkja må diskutere.

– Me kan like gjerne tenkje at nattverd er ein invitasjon til dåp, ikkje omvendt.

Han meiner dette er ein praksis som ikkje er heilt uvanleg i samanhengar der mange ikkje er døypte, som til dømes på visse misjonsfelt.

– Då får ein fyrst erfare fellesskapet med Gud og menneske i nattverden, før ein blir innlemma i den kristen kyrkjelyden gjennom dåpen.

– Bør utfordre grenser

Avdelingsdirektør Kielland blir spurt kva han tenkjer om å snu opp ned på tanken om kva som kjem fyrst, dåpen eller nattverden.

– Me bør som kyrkje alltid reflektere rundt korleis me kan opne meir opp og invitere fleire inn. Me bør utfordre dei grensene som me med eller utan hensikt kan setje opp mellom menneske og evangeliet.

Han påpeikar at det er opp til det øvste, demokratiske organet i kyrkja, Kyrkjemøtet, om dei vil endre reglane kring nattverden.

---

Nattverd

  • Ordet nattverd betyr kveldsmåltid, og måltidet blei tidleg ei sentral handling i kyrkja.
  • Den fyrste nattverda skjedde på skjærtorsdag, då Jesus var samla med venene sine i Jerusalem.
  • Under nattverda et ein eitt lite stykke alterbrød, kalla oblat, og drikk ei lita mengd nattverdsvin. Brødet og vinen er uttrykk for Jesu kropp og blod.
  • Nattverda er ei viktig og sentral handling i kyrkja, både for fellesskapet og den enkelte.
  • Dåp og nattverd utgjer dei to sakramenta i Den norske kyrkja. Eit sakrament er ei heilag, rituell handling.

Kjelder: Den norske kyrkja, Store Norske Leksikon.

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke