Den norske kirke

Nær 600.000 fleire til nattverd. Atle Sommerfeldt: – Ei nattverdsvekking

SAKRAMENT: I 2019 delte Den norske kyrkja ut nattverd over ein halv million fleire gonger enn for førti år sidan.

– Den store auken i folk som vel å ta imot nattverd, i tillegg til at det oftare er nattverd, viser at nattverdsfeiringa har blitt ein breiare og viktigare del av folks kristne spiritualitet, meiner Atle Sommerfeldt.

Han gjekk av som biskop i Borg bispedøme i Den norske kyrkja (DNK) i november i fjor.

For ei stund tilbake merka han at ein større og større del av deltakarane på gudstenester valte å ta imot nattverd.

– Eg var så lei av alle overskriftene om at alt gjekk nedover i Den norske kirke.

Nattverdsfeiringa har blitt ein breiare og viktigare del av folks kristne spiritualitet

—  Atle Sommerfeldt, biskop emeritus

Difor valte han å dykke ned i gammal kyrkjestatistikk. Sjølv om det er nokre problem med å finne heilt samanliknbare tal, så har Sommerfeldt rett i sine observasjonar om at ein større del av gudstenestedeltakarane går til nattverd enn før, stadfestar avdelingsdirektør for kyrkjefag og økumenikk i Kyrkjerådet, Jan Christian Kielland.

I 1969 var det totalt 728.294 nattverdsgjester i DNK. I 2019, siste normalåret før pandemien, var tilsvarande tal 1.311.108. Det er ein auke på 80 prosent, og nærmare 600.000 fleire nattverdsbesøk.

Det var om lag like mange medlemmar i Den norske kyrkja i desse to åra.

Også talet på gudstenester er relativt likt. Men det er det verdt å merkje seg at det er ei utvikling med nattverd i ein større del av gudstenestene no enn det var for førti år sidan.

Rørande døme

– Det er ei nattverdsvekking, meier Sommerfeldt.

Han utdjupar:

– Det er ei vekking at fleire menneske uttykkjer at dei høyrer til den kristne kyrkja og trua, og at dei ynskjer å delta i det fellesskapet, seier Sommerfeldt.

Han meiner det er ei veldig positiv utvikling at fleire går til nattverd.

– Det positive er at sakramentet blir gjort tilgjengeleg for menneske uavhengig av alder, og funksjonsevne. Det store gjestebodet er førebiletet. Gud deler raust av sin nåde.

Han trur mellom anna trusopplæringa har hatt effekt, ved at barn har lært meir om det heilage måltidet.

– Eg har sett fleire rørande døme der barn tek foreldra i neven og leier dei opp til nattverdsbordet, fortel Sommerfeldt.

---

Nattverd

  • Ordet nattverd betyr kveldsmåltid, og måltidet blei tidleg ei sentral handling i kyrkja.
  • Den fyrste nattverda skjedde på skjærtorsdag, då Jesus var samla med venene sine i Jerusalem.
  • Under nattverda et ein eitt lite stykke alterbrød, kalla oblat, og drikk ei lita mengd nattverdsvin. Brødet og vinen er uttrykk for Jesu kropp og blod.
  • Dåp og nattverd utgjer dei to sakramenta i Den norske kyrkja. Eit sakrament er ei heilag, rituell handling.

Kjelder: Den norske kyrkja, Store Norske Leksikon.

---

Nattverdsplikt

Olaf Aagedal, forskar ved Kifo, institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning, seier det er fleire årsaker til at ein større del av dei som går til gudsteneste no vel å ta imot nattverd enn før.

– Mellom anna er det ein auka del av dåpsfylgjet som no går til nattverd. Dessutan har ein opna nattverden for barn, og desse dreg gjerne med seg foreldra sine.

Barn fekk tilgang til nattverden i DNK i 1993.

Aagedal fortel om ei større endring av heile nattverdstradisjonen i Den norske kyrkja.

Lenge var nattverden noko veldig eksklusivt for «vedkjennande kristne»

—  Olaf Aagedal, Kifo

– Lenge var nattverden noko veldig eksklusivt for «vedkjennande kristne», seier forskaren.

Han fortel om det ein kallar «Det store nattverdsfallet» på slutten av 1800-talet.

– Før dette var det ei plikt å gå til nattverd, og noko ein gjorde kollektivt. Etter at plikta forsvann, sette det seg ein tradisjon med at berre dei som vedkjente seg trua var verdige nattverden. Når barn kan gå til nattverd kan ein ikkje lenger nytte dette kriteriet, seier Aagedal.

Han meiner at ein no kan sjå personar i eit dåpsfylgje som går til nattverd for fyrste gong.

– Dette er interessante og viktige endringar som skjer over lang tid, meiner forskaren.

Har jobba aktivt

Jan Christian Kielland i Kyrkjerådet seier ein har gjort aktive grep for å få opp nattverdsdeltakinga, mellom anna med å oppheve aldersgrensa, fokus på nattverd i trusopplæring og ved at ein har gjort nattverd i gudstenesta til normalen i gudstenestereforma som blei innført i 2011.

Samanlagt meiner han dette har gjort terskelen for å gå til nattverd lågare. Det ei villa utvikling frå kyrkja si side.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke