Den norske kirke

– Ein hund frå Ukraina har betre vern enn krigsflyktningar frå Sri Lanka

KYRKJEASYL: Biskopane Kari Veiteberg og Olav Øygard ynskjer at familien som har sete åtte år i kyrkjeasyl på Finnsnes skal få saka si handsama på nytt. – Me håpar gjestfridomen mot ukrainarar også smittar over på andre som treng vern, seier Veiteberg.

– For å seie det rett ut: Det er farleg å sitje i kyrkjeasyl i over sju år, det er skadeleg på sinn og sjel.

Det seier biskop i Nord-Hålogaland, Olav Øygard. Han og Oslo-biskop Kari Veiteberg ynskjer å rette søkjeljoset mot familien Collin som sit på åttande året i kyrkjeasyl i Finnsnes kyrkje i Senja kommune.

– Me håpar gjestfridomen mot ukrainarar også smittar over på andre som treng vern, som barn i Morialeiren, krigsflyktningar frå Sri Lanka, eller andre som ser litt annleis ut enn Olav og meg, seier Veiteberg.

Dei to biskopane skryt av viljen Noreg har vist til å ta imot flyktningar som treng vern den siste tida, men ber om at ein ikkje gløymer andre grupper.

– Ein hund frå Ukraina har betre vern enn krigsflyktningar frå Sri Lanka. Det kan me ikkje vedkjenne oss, seier Øygard.

Han siktar til korleis det har komme inn hundrevis av ukrainske kjæledyr til Noreg dei siste månadane. Noko biskopen påpeikar at han ikkje har noko imot i seg sjølv, det er forskjellsbehandlinga som provoserer.

Han meiner at basert på situasjonen på Sri Lanka i dag, så er det klart at familien Collin treng vern, men det er også eit anna aspekt han meiner er viktig: Det medmenneskelege i det.

Landbruksminister Olaug Bollestad besøker familien Collin Johnson som har sittet i kirkeasyl i FInnsnes kirke siden 2014.

Dilani Collin Johnson

Fire veggar

Familien Collin er tamilske katolikkar og seier dei var med i separatistrørsla tamiltigrane (LTTE) under krigen. Foreldra Merry Anjala og Anonipillai Johnsen Collin og dottera Dilani Johnsen Collin, seier at dei i frykt for å bli forfølgt, fengsla og torturert, ikkje kan reise tilbake til heimlandet.

Dei kom til Noreg i 2009 og budde dei fyrste fem åra på asylmottak. I 2014 søkte familien vern i Finnsnes kyrkje, der dei framleis sit i kyrkjeasyl.

Kyrkjeasyl er ei ikkje ei kyrkjeleg ordning, men noko menneske i naud sjølve etablerer når dei går inn i ei kyrkje for å søkje tilflukt.

– Det er vanskeleg å skildre korleis me har det. Det er krevjande å sitje innanfor fire veggar og ikkje kunne gå ut.

Det seier dottera i familien, Dilani, til Vårt Land.

Nye opplysningar

Prosessen for å prøve å skaffe opphald har gått for seg i mange omgangar. I mars i fjor sa Utlendingsnemnda (Une) nei til å gjera om tidlegare vedtak, men i oktober sende advokat Asgeir Thomassen inn eit krav om at saka til familien Collin skal handsamast i nemnd, ikkje berre av ein nemndleiar åleine som tidlegare.

Advokaten og familien ber også om at saka får ein ny nemndleiar og at familien skal ha personleg oppmøte i nemnda. Det kravet stiller biskopane seg bak.

– Same person behandla saka fleire gonger. No treng fleire menneske å få heile saka på bordet, meiner Øygard.

Han seier det har komme fram viktige, nye moment sidan sist.

– Derfor bør det ikkje gå prestisje i at Une ikkje skal endre meining.

Advokat Thommasen har stor tru på at saka no skal gjerast om av Une slik at familien får opphald i Noreg:

– Det finst viktige, nye opplysningar i saka som tilseier at familien ikkje kan sendast tilbake til Sri Lanka utan at dei risikerer forfølging.

Thommasen viser også til ein for tida vanskeleg politisk og humanitær situasjon i den sørasiatiske øynasjonen.

– Sterke menneskelege omsyn tilseier at familien må få bli i Noreg av humanitære grunnar, meiner advokaten.

Han seier han har høyrt at familien skal få svar i løpet av juni, men at han ikkje sjølv har fått dette stadfesta av Une. Dersom dei får avslag på førespurnaden om ny behandling av saka vil rettslege skritt bli vurdert, opplyser Thommasen.

Ikkje funne saksbehandlingsfeil

Einingsleiar i Une, Ingun Halle, seier til Vårt Land at ny nemndleiar blir sett inn dersom det finst ein rettskraftig dom om at vedtaket til Une er ugyldig eller viss Une har fått kritikk frå Sivilombodet.

– I denne saka, som har vore prøva i rettssystemet i fleire omgangar, har ingen rettsinstans komme til at avgjerslene våre er ugyldige eller at det har vore feil i saksbehandlinga til Une.

Ho opplyser også om at den fyrste avgjersla i saka blei fatta av ein annan nemndleiar enn i dei siste.

Halle seier dei vil gå grundig gjennom opplysningane som kjem fram i kravet om å gjera om vedtaket i saka, men at det er for tidleg å seie om saka kjem til å bli behandla i eit nemndmøte eller ikkje.

– Me vil vurdere dette når me behandlar saka, og familien vil vera dei fyrste som får beskjed om dette.

Halle seier dei vanlegvis brukar rundt ni månadar på å behandle krav om omgjering, men at ho ikkje veit når dei blir ferdige med denne saka.

Dødsdømt son

Ein av sønene til Merry Anjala og Anonipillai sit fengsla for drap på ein politikar på Sri Lanka. Ifølgje brevet der advokaten ber Une sjå på saka på nytt, har sonen lenge hevda at han blei pressa til å innrømme drapet under tortur.

I det siste avslaget spør Une etter dokumentasjon knytt til arrestasjonen og rettsprosessen i saka, og skriv ifølgje brevet at det er «grunn til å stille spørsmål ved opplysningene om at NN er arrestert og dømt».

I mars kom det ein ny dom frå srilankisk høgsterett der ei anke av saka blei avvist og det står at dødsdomen står fast. Denne domen er ein av fleire nye moment som er sendt inn til Une i samband med kravet om at dei skal behandle saka på nytt. Vårt Land har lest domen.

Eg er kjempesliten av å sitje og vente og vente, igjen og igjen.

—  Dialni Johnsen Collin

I brevet står det også at det i fleire nyhendeartiklar om drapet på Sri Lanka er skrive at sonen er medlem av tamiltigrane, og i nokre av dei er det også skrive at foreldra er aktive i separatistrørsla.

Dette har nemleg vore noko av usemja frå før: For medan Anonipillai i sitt fyrste asylintervju fortalde om arrestasjonen av sonen og om at han sjølv har arbeidd som journalist for ein radiokanal tilknytt tamiltigrane, fortalde han ikkje om ei sterkare tilknyting.

Lite truverdig

Han har seinare fortalt at han mellom anna registrerte drap og overgrep mot tamilar, og hadde ansvar for sensitive dokument.

Denne utvida forklaringa har ifølgje brevet frå Thomassen blitt vurdert som lite truverdig av Une, då ho er endra etter familien fekk avslag på sin søknad om asyl.

Det meiner derimot advokaten har sine naturlege grunnar, mellom anna fordi tamiltigrane av nokon blei oppfatta som ein terrororganisasjon, og Anonipillai hadde blitt åtvara om å seie for mykje om dette til norske styresmakter.

Også biskop Øygard har forståing for at ikkje all informasjon kjem fram med ein gong:

– Ein skuldar flyktningar for å ikkje vera ærlege i det fyrste intervjuet, men korleis skal dei vita at dei blir behandla på ein god og rettferdig måte? Korleis skal ein stole på styresmaktene når ein sjølv har flykta frå eit korrupt regime?

Ingun Halle i Une seier dei har forståing for at mange kan vera tilbakehaldne med å gje alle opplysningar i det fyrste asylintervjuet:

– Samstundes er det slik at alle som kjem til Noreg blir gjort merksame på kor viktig det er å vera ærleg, og det blir bruka mykje tid på å trygge søkjaren i forkant, seier einingsleiaren.

Ho understrekar også at ein ved klage på avgjersla vil få tildelt ein advokat som skal understreke kor viktig det er å leggje alle opplysningar på bordet, og dessutan å raskt rette opp eventuelle misforståingar og feil i asylintervjuet.

– Kjempesliten av å vente

Dilani fortel at dei reknar med at det snart nærmar seg ei avgjersle i Une, og at familien derfor går rundt kvar dag og er veldig spente. Ho fortel at familien uroar seg for utfallet.

– Eg er kjempesliten av å sitje og vente og vente, igjen og igjen. Det er veldig stressande. Men dei har fått mange nye dokument og vitne sidan sist, så eg håpar veldig på positivt svar frå Une denne gongen, seier Dilani.

Ho nemner særskilt domen til broren.

– No har dei eit offisielt dokument som viser at opplysningane me har gjeve om han stemmer.

Engasjerer seg i kyrkjelyden

– Kor lenge kan dei sitje i kyrkjeasyl, Olav Øygard?

– Dei har sete i kyrkjeasyl lenger enn dei bør. Det er skadeleg. Men litt av problemet er at eg ville sagt det same for fem år sidan.

Han fortel at Finnsnes kyrkje er full av aktivitet. Det er mellom anna ein kafé i bygget der Anonipillai er med og lagar mat. Dottera Dilani styrer mellom anna lyden på gudstenester.

– Familien engasjerer seg i livet i kyrkjelyden på ein fin måte.

No håpar han dei snart kan få opphald og sleppe ut av kyrkja.

– Det er mange nye moment no som gjer at eg er optimistisk, seier Øygard.

Han tek ei lita pause før han held fram;

– Sjølv om eg også har vore det før også.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke