– Me som kyrkje inviterer til festdagar som ofte bringar med seg høge utgifter. Me vil bidra til at ingen skal droppe dåp fordi det er for dyrt, eller konfirmere seg med ein klump i magen fordi dei ikkje har bunad, eller at den dei har ikkje passar.
Det seier kyrkjelydspedagog i Ringebu sokn i Den norske kyrkja (DNK), Inger Melbø Strangstad. I fjor hadde lokalavisa Gudbrandsdølen Dagningen fokus på fattigdom i Gudbrandsdalen. Det fekk tankane i sving i kyrkjestaben, som reagerte på kor høge tala på fattige i sitt nærområde var.
Etter å ha spurt ein lokal hjelpeorganisasjon om kva dei merka behov for, landa dei på at å låne ut klede til festdagar som konfirmasjon og dåp, var ein god idé. Med seg på planen fekk dei nabosokna Øyer og Sør Fron.
– Bunadstradisjonen står veldig sterkt i Gudbrandsdalen. Dei aller fleste jentene her har bunad. Viss då nokon ikkje konfirmerer seg i bunad, så vil me at det skal vera sjølvvalt og ikkje økonomien i familien som avgjer det, seier Strangstad.
Gudbrandsdølen Dagningen skreiv om «utlånsbanken» fyrst.
Låg terskel
Strangstad kallar det for eit diakonalt tiltak, og seier kyrkja skal vise kjærleiken til Gud i praksis.
– Me ynskjer å gjera det ved å lette børa kring festdagar for dei med dårleg råd.
Men kyrkjelydspedagogen understrekar også at ein kan låne festklede av andre grunnar. Kanskje det kom litt brått på at bunaden har «krympa i skåpet» sidan sist? Eller kanskje ein ikkje er utvaksen nok til å investere i ein bunad?
– Me ynskjer ein låg terskel og håpar at det blir vanlegare å låne. Me har tausheitsplikt og spør ingen om kvifor dei vil låne klede hjå oss.
I utlånsbanken har dei dåpskjolar og komplette bunadar og dressar, men ein kan også låne bunadssko, -skjorter, og -sylv.
Noko av det har blitt kjøpt inn med pengar frå sokneråda som er med i ordninga, men mykje har blitt donert etter eit oppslag om utlånsbanken i lokalavisa.
– Det har vore heilt fantastisk å sjå gjevargleda. Ei mor hadde tømt skoskåpet og kom med ei rekkje par bunadssko frå storleik 22 og oppover, fortel Strangstad.
[ Prest i basketak med konfirmant ]
Meiner fleire kyrkjer kan ha utlån
Ideen kom i fjor, men fyrst i mars var det klart for utlån. Fleire har alt nytta seg av tilbodet, men sidan det kom så tett på konfirmasjonssesongen trur Strangstad mange alt hadde lagt planar.
– Det blir spanande å sjå korleis etterspurnaden blir etter kvart.
Kyrkjelydspedagogen meiner tilbodet gjerne kan adopterast av fleire kyrkjer.
– Kan me lette børa og få vekk litt av presset rundt festkleda, er det veldig flott.
[ Emil (7 mnd.) vokser ut av dåpskjolen sin ]
Stadfestar klespress
14 år gamle Eira Flyen Flatmoen, som går på Ringebu ungdomsskole fortel til NRK Innlandet at ho ikkje synest noko om bunadspresset:
– Det gjev kanskje litt klespress, og ikkje alle har råd. Det kan vera stressande og slitsamt å føle at ein ikkje passar inn om ein ikkje har bunad.
Sjølv skal ho arve bunaden etter oldemora.
Også 14 år Maria Fjeldstad seier til rikskringkastaren at det er eit bunadspress blant jenter på hennar alder:
– Spesielt til konfirmasjonen. Det er ikkje så bra. Det er ikkje alle som har råd til det.
[ «Det finnes ingen god måte å leve med faktisk paulinsk underordning i dag» ]