Dobbelt så mange søkjarar som plassar på ny presteutdanning

TEOLOGI: Til hausten startar ei ny presteutdanning opp på MF vitenskapelig høyskole, og interessa for den erfaringsbaserte masteren er over all forventing. 69 personar har søkt på 35 plassar.

MF
ANNAN VEG: Den norske kyrkja har ei opning for at menneske over 35 år med relevant yrkespraksis og ein del teologi- eller kristendomsstudie kan bli prestar utan å ta fullt, seksårig studieløp. Det er desse MF har oppretta det nye masterprogrammet for.
Publisert Sist oppdatert

– Me rekna med at mange ville søkje, men dette var over all forventing, seier praktikumsleiar og fyrsteamanuensis ved MF vitenskapelig høyskole, Knut Tveitereid.

Søndag 1. mai gjekk søknadsfristen ut for den nye erfaringsbaserte teologimasteren ved høgskulen, som ligg i Oslo.

Det var 69 søkjarar til dei 35 studieplassane. Den tradisjonelle vegen til presteyrket er å ta eit seksårig profesjonsstudie som gjev ein såkalla cand.theol.-grad. Men Den norske kyrkja (DNK) har også ei opning for at menneske over 35 år med relevant yrkespraksis og ein del teologi- eller kristendomsstudie, kan bli prestar utan å ta eit seksårig studieløp.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP