Den norske kirke

Preses: LHBT-arbeidet til kyrkja må leie fram til ei orsaking

DEN NORSKE KYRKJA: Preses Olav Fykse Tveit meiner Kyrkjemøtet må seie unnskyld til skeive.

Det er på Facebook at leiaren for biskopane i Den norske kyrkja kjem med ei tydeleg melding om LHBT-spørsmål. Han skriv kyrkja sitt arbeid må «leie fram til at Den norske kyrkjas øvste organ, Kyrkjemøtet, får eit solid grunnlag for å uttrykkje ein spesifikk unnskyldning til personar med LHBT-identitet».

– Er det du seier her at Kyrkjemøtet må seie unnskyld til skeive?

– Ja. Me bør ha ein grundig prosess på det, slik at me har eit godt grunnlag for å gje ei ordentleg orsaking. Det må me ha fokus på no, seier Fykse Tveit til Vårt Land.

Bispemøtet, som er sett saman av alle biskopane i Den norske kyrkja (DNK), sa 18. februar at dei erkjenner at kyrkjas uttalte haldningar til, og omtale om homofile og lesbiske opp gjennom åra «har påført mange menneske stor skade og smerte».

Haldningar og oppførsel

No meiner preses Olav Fykse Tveit at kyrkja må gå lenger. Han set utsegna på Facebook i samanheng med at det 21. april er femti år sidan paragrafen som gjorde det forbode med sex mellom menn blei oppheva.

Han skriv:

«Kyrkjas LHBT-utval arrangerer neste veke eit symposium der mange av kyrkjas leiarar skal få del i mange av deira livshistorier. I alle bispedømme skal det no gjennomførast kurs for tilsette for å betre forstå korleis vi opptrer i desse spørsmåla i kyrkja. Så må vi vurdere korleis vi kan ta tak i dette vidare.

Eg meiner at dette arbeidet må leie fram til at Den norske kyrkjas øvste organ, Kyrkjemøtet, får eit solid grunnlag for å uttrykkje ein spesifikk unnskyldning til personar med LHBT-identitet. I dette arbeidet må vi også ta tak i korleis kyrkja har opptredd i forhold til menneske med HIV.»

– Kva er det ein skal orsake for?

– Det må me finne formuleringar på. Det eg peikar på er kva kyrkja har gjort for å gjera livssituasjonen til menneske med LHBT-identitet vanskeleg gjennom våre haldningar og måten me har opptredd på.

– Hadde ikkje god nok grunnlag i Bispemøtet

Fykse Tveit er klar på at orsakinga bør koma frå Kyrkjemøtet, som er det øvste, demokratisk valde organet i DNK.

– Fleire reagerte på at Bispemøtet i si utsegn frå tidlegare i år berre «erkjente» og ikkje bad om orsaking for smerta kyrkja har vore skuld i. Kvifor bad ikkje Bispemøtet om orsaking?

– Me meinte at me ikkje hadde jobba nok med grunnlaget. Dette krev eit grundig arbeid. Dessutan er det Kyrkjemøtet som bør uttrykk ei slik offisiell orsaking.

Biskopen meiner at arbeidet som skjer i LHBT-utvalet i DNK og kursinga av tilsette er med på å leggje eitt grunnlag som gjer det mogleg for Kyrkjemøtet å koma med ei velgrunna orsaking. Han vil ikkje seie om han meiner orsakinga bør koma alt på Kyrkjemøtet til hausten, men han trur mange vil støtte ei slik utsegn.

– Akkurat kor mange får me sjå, men det kjem sikkert an på korleis det blir formulert, meiner Fykse Tveit.

Fordømming av hivpositive

På spørsmål om preses kan utdjupe formuleringa om korleis kyrkja har opptredd mot personar med HIV refererer han til innlegget til Arne Backer Grønningsæter i Vårt Land. Her tek han til orde for at DNK bør fylgje opp alle dei som ber på traume «som fylgje av fordømminga kyrkja gjorde av hivpositive.

– Eg er einig med Grønnesæter at me også må ta tak i dette, seier Fykse Tveit.

I dag, 21. april, er det 50 år sidan paragraf 213 i straffelova om forbod mot sex mellom menn vart oppheva. Regjeringa...

Posted by Preses Olav Fykse Tveit on Wednesday, April 20, 2022

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke