Den norske kirke

Han har analysert hundrevis av meiningar om kyrkjeleg organisering. Dette fann han ut

UVISS FRAMTID: Kyrkje-Norge vil ikkje la seg styre frå eit prostinivå, viser høyringssvar om kyrkjeleg organisering. Likevel finst det sterke meiningar om kva Kyrkjemøtet bør ta stilling til når hausten kjem.

1. desember gjekk fristen ut for alle som ville seie meininga si om framtidas organisering av Den norske kyrkja (DNK).

KAs avdelingsdirektør Øystein Dahle har gått igjennom ei mildt sagt stor mengde høyringssvar den siste tida – frå alle fellesråd og sokneråd i tre bispedømme.

– Det er mange som skriv at dei har opplevd denne høyringa som overveldande. Det er komplisert materie, og talet på spørsmål, 48, er veldig mange, seier han.

– Ikkje berre er det vanskeleg å svare på alle, men ein opplever òg at ein ikkje får sagt alt ein vil ut frå korleis spørsmåla er stilt. Derfor er det mange som svarar med atterhald, eller legg til eigne premiss, seier Dahle.

Kompromisset fall. Kva skjer no?

– Det er klare signal frå desse instansane som bekreftar dagens fellesråd. Fellesråda har tilknyting til kommunen, og er både viktige med tanke på finansiering av kyrkjas arbeid, men òg fordi kommunenivået for veldig mange er lokalsamfunnet, med nærleik til kyrkjelydane – særskilt utanfor dei store byane.

Når det kjem til kor dei tilsette skal ha arbeidsgivaren sin, derimot, er det delt mellom dei som peiker på ei lokal forankring og dei som peiker på eit nasjonalt arbeidsgivaransvar, fortel KA-fagdirektøren.

– Det sprikar, men så langt i vår teljing er det ikkje noko fleirtal for nasjonalt arbeidsgivaransvar. Prostinivået var eit forsøk på å «møtast på midten». Men sidan det kompromisset fall, er spørsmålet meir opent.

– Viss prostimodellen er ute, finst det ikkje ein modell som er greia ut og som har vore på høyring, seier Dahle.

Les eitt hovudproblem

Han har sett ei dobbeltheit i høyringssvara frå Kyrkje-Norge: På den eine sida vert organiseringsmaterien opplevd som stor og komplisert å gå inn i, og svare på. På den andre sida føler mange at fleire utgreiingar av konsekvensar og andre alternativ manglar.

Dahle oppfattar at mange peiker på eitt hovudproblem, nemleg mandatet Müller-Nilssen-utvalet har hatt som utgangspunkt: Prostimodellen.

– Deler av utgreiinga kom heller ikkje i mål, som har fått fleire til å stille spørsmål lokalt. Får vi halde på kontoret vårt? Får vi ein lokal leiar? Må vi springe rundt eit heilt prosti?

– Det har vore vanskeleg å sjå dei lokale konsekvensane for tilsette, råd og frivillige, meiner Dahle å sjå.

Øystein Dahle, KA

Sterkt ønske om lokal tilknyting

Dermed er det tydelegaste bildet frå høyringssvara: Fellesråd og sokneråd flest avviser prostiet som «nav».

– Det er tydeleg at å opprette prostifellesrådet som eit tungt kyrkjeleg nivå, og eining for styring og leiing, opplevast framand og for langt frå det lokale.

– Mange ser at prostinivået kanskje kunne hatt nokre fordelar, som større fagmiljø, men uroa for distansen til det lokalkyrkjelege arbeidet er gjeldande.

Samtidig som to av tre avviser prostifellesrådet, er to av tre framleis innstilte på å få til eit nytt arbeidsgivaransvar, tel Dahle opp.

Køyre på eller bremse

Han tolkar to stemningar frå høyringsrunden når det kjem til tida framover. Det er dei som seier at «no har vi heldt på så lenge at vi må ta eit val og komme oss vidare», mot dei som er enno fleire, som seier: «omstillinga er særs krevjande, og vi må vere trygge på at det vi set i gang faktisk blir mykje betre».

Med andre ord: Skal ein køyre på, eller tenke seg grundig om før ein går vidare?

– Begge deler vil opplevast problematisk. Men eg er overraska over kor mange som seier ja til endring – men ikkje ei kvar endring til kvar ein pris. Det må bli tydelegare kva problem som skal løysast, og det må bli tydelegare at ei ny organisering gjer forholda vesentleg betre.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Den norske kirke