Den norske kirke

Derfor sa dei «nei» til prostifellesråd

NEDSTEMT: Då Kyrkjerådet sendte forslaget om prostifellesråd på høyring, fekk dei mange svar som ikkje ville godta dette nivået som utgangspunkt for organisering. – Blir overraska om det ikkje vert lytta til, seier kyrkjerådsleiaren.

Til hausten skal Kyrkjemøtet, Den norske kyrkja (DNK)s øvste organ, avgjere kor vegen skal gå vidare mot framtidas kyrkje. Men retninga som blei lagt framfor trussamfunnet i april, blir truleg ikkje retninga DNK vel å gå i likevel.

Forslaget om prostifellesråd (sjå faktaboks) blei stemt ned i høyringa – og vil sannsynlegvis ikkje bli noko av.

– Vi har framleis trua. Heile vår kyrkjelege eksistens er befesta på tru! seier kyrkjeverje Terje Skogvoll i Fauske spøkefullt, men oppriktig.

Fellesrådet han jobbar i var likevel blant dei mange som sa nei til forslaget om å opprette dette nye, mykje omtala, styringsorganet på eit høgare nivå. Prostifellesrådet skulle vere sett saman av fleire av dagens fellesråd, som ofte ligg tett opp mot kommunane.

Fauske kyrkjelege fellesråd er positive til ideen om ein organisasjonsreform – men dette alternativet var dessverre ikkje godt nok greia ut, blei konklusjonen deira.

---

Ny organisering av DNK

  • Kyrkjemøtet har bede Kyrkjerådet om å legge fram ein konkret plan for arbeidsgivarorganisering, og resten av kyrkjeordninga.
  • Målet er ei ny, enkel og funksjonell kyrkjeordning.
  • I oktober 2019 etablerte Kyrkjerådet Prosjekt Kirkelig organisering.
  • Hovudutvalet i prosjektet fekk i oppdrag å greie ut moglege løysingar knytt til eit felles kyrkjeleg organ på prostinivå, der dette rådet kan utøve arbeidsgjevarfunksjonar for alle som jobbar i den lokale kyrkja.
  • Utvalet leverte sin rapport 31. mars 2021, der dei peikar på ulike alternativ og anbefalingar.
  • Rapporten blei sendt på høyring, og kommunar og offentlege høyringsinstansar hadde frist 15. oktober. Kyrkjelege høyringsinstansar, som sokneråd og fellesråd, hadde frist 1. desember. Samanlagt seier dei nei til ein modell basert på prostifellesråd.

---

Frå papir-idé til praksis

– Kvifor sa de nei?

– I hovudsak fordi vi ikkje opplevde at modellen var økonomisk forankra, eller diskutert på kommunalt nivå. Skulle vi gått i gang med interkommunale samarbeid, måtte alle berørte partar blitt høyrde, seier Skogvoll.

– Då vi såg for oss å slå saman fem kommunar med dårleg økonomi til eit storfellesråd, blei eitt av spørsmåla: Kor stort engasjement vil den kommunepolitikaren som sit 20 mil bortanfor ha for ein kommune han ikkje er ein del av eller står ansvarleg for? spør han.

Risikoen for å få ein svakare relasjon til politikarane som bevilger pengar, når formålet var for langt unna, var for stor, meiner fellesrådet.

– Vår relasjon til politikarane våre er det som ber oss i tjukt og tynt. Den er vi avhengige av, for å gjere oss forstått for arbeidet vi gjer. Det er ganske store spørsmål som ikkje er berørt, spørsmål som får konsekvensar for både arbeidsplassane våre og samarbeida vi inngår i. Vi ønskte betre innsikt i kva dette vil seie; ikkje som ein idé på papiret, men i praksis. Er det mogleg å få det til å fungere?

Dårleg ressursutnytting

Dette er ikkje vassledningar som blir lagt frå A til B, med ein meterpris, trekk Skogvoll fram som eksempel. Kyrkja er dynamisk.

– Nokon har avstand og bemanning som viktige økonomiske forhold, medan andre har behov for vedlikehald. Det er allereie nok strider innad i kvar kommune om kven som skal få pengar, så når ein såg føre seg einingar på fem-seks-sju-åtte kommunar, såg vi ein risiko for å framandgjere dei som skal ta avgjerda, seier han.

No håpar fellesrådet likevel på ei kyrkje med éin arbeidsgivar for alle dei tilsette, og har trua på at prostia er tente med ein administrativ leiar og ein geistleg leiar som er likestilte. Dei meiner arbeidsgivaransvaret bør ligge nasjonalt, men vere delegert til prostiet.

– To arbeidsgivarlinjer er jo ei organisasjonsform som er for dyr sett ut frå rasjonaliseringa vi ønsker å oppnå i dagens samfunn. Det er ein del av samfunnsoppdraget vårt å forvalte midlane vi får tildelt på best mogleg måte, seier Skogvoll.

På høyring for å høyre

I februar får DNKs regjering, Kyrkjerådet, denne oppsummeringa frå stemninga i Kyrkje-Norge på sakslista.

– Det var Kyrkjerådet som sette i gang dette arbeidet, og det er opp til Kyrkjerådet å trekke ein konklusjon. Men eg har heile tida sagt at eg skal lytte nøye, og det gjer eg også no, seier Kristin Gunleiksrud Raaum.

Kyrkjerådsleiaren oppsummerer det ho har høyrt: At det er stor skepsis til å etablere eit nytt nivå slik Müller-Nilsen-utvalet føreslo, at det er brei støtte til ei sterk lokalkyrkje, at det tette samarbeidet med kommunen har mykje å seie for finansieringa, samt ei støtte til ei kyrkje som er samanhengande i organisasjon, struktur og tilsyn.

– Kyrkjerådet sendte desse forslaga på høyring nettopp for å høyre. Reelt sett er dette noko Kyrkjerådet må ta stilling til på møter, men eg blir overraska dersom denne høyringa ikkje blir lytta til. Vi skulle sjekke støtta til eit slikt prostinivå. Den er der ikkje, seier Raaum.

Portrett av Kristin Gunleiksrud Raaum ved IKO-huset i Oslo.

– Framleis ansvar for å handle

– Kva gjer desse signala med saka hos Kyrkjerådet – fram mot planen om å fatte eit prinsippvedtak på Kyrkjemøtet?

– Denne høyringa har gitt oss mykje. I tillegg til innspel om kva ein ikkje vil ha, har det blitt sagt mykje om kva ein vil ha. Vi har fått eit godt grunnlag å fatte nettopp eit prinsippvedtak på til hausten. Eg opplever ei sterk henstilling frå lokalkyrkja om å gjere noko med det som i dag er problem med dagens organ. Det ansvaret har vi framleis for å gjere noko med.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke