Den norske kirke

Nominasjonsliste-topp vurderer ny liste til kyrkjevalet

DEN NORSKE KYRKJA: Talsperson for Nominasjonskomiteens liste, Erling Birkedal, tar til orde for ei ny liste «i midten», dersom Nominasjonskomiteens liste i dagens format forsvinn.

– Bønnelista og Frimodig kirke framstår ganske like, og nyanseforskjellane kan bli vanskelege å få fram for veljarane. Me ser eit behov for noko mellom desse og Åpen folkekirke.

Det seier Erling Birkedal, talsperson for Nominasjonskomiteens liste og fyrsteamanuensis i praktisk teologi ved MF vitenskapelig høyskole.

Også Harald Hegstad i Oslo bispedømmeråd seier han har vore med i samtalene. Han meiner det er bruk for ei ny liste «i midten», dersom Nominasjonskomiteens liste i dagens format forsvinn.

– Det er naudsynt, eller så vil ein overlate heile feltet til ytterfløyane, meiner Hegstad.

---

Kyrkjevalet

  • Kyrkjevalet er i realiteten to val: Val til dei 1235 sokneråda og val til dei 11 bispedømeråda. Sistnemnde utgjer Kyrkjemøtet i Den norske kyrkja.
  • På bispedømenivå var det i 2019 fleire lister å velje blant. Nominasjonskomiteens liste og Åpen folkekirke stilte lister i alle bispedøme, og Bønnelista i ni av elleve bispedøme.
  • Den norske kyrkja får omtrent 80 millionar kroner frå staten til å arrangere kyrkjeval kvart fjerde år.

---

– Me er ikkje naive

Birkedal seier fleire som tidlegare har stått på nominasjonskomitélister har møtt kvarandre og «sondert og drøfta» rundt det å stille med ei ny kyrkjepolitisk liste, gitt at kyrkjevalordninga blir endra.

Men Birkedal ynskjer fyrst og fremst at ordninga med nominasjonskomitélister skal halde fram.

Per i dag slår kyrkjevalreglane fast at det skal vera ein nominasjonskomité ved kyrkjevalet. Nominasjonskomiteen blir valt av sokneråda på valmøte i kvart prosti. I tillegg kan ungdomsrådet i bispedømet utnemne ein person. Nominasjonskomiteen set så saman ei liste av kandidatar.

Medan Nominasjonskomiteens liste skal vera breitt samansett, er dei andre listene forma på eit bestemt program.

Kyrkjerådet har gått inn for ei ordning med sjølvstendige, kyrkjepolitiske lister, utan ei nominasjonskomitéliste. Saka skal opp på kyrkjemøtet i november.

– Men me er ikkje naive, og me ser kva veg det med stor sannsynlegheit vil gå, seier Birkedal, som trur forslaget vil gå gjennom.

Ynskjer ikkje teologisk endring

Tidlegare denne veka gjorde Frimodig kirke det kjent at dei vil stille med eigne lister til valet i 2023, dersom Kyrkjerådet si innstilling til ny valordning går gjennom.

Birkedal seier at medan Frimodig kyrkje blei etablert som ein motreaksjon til vedtaket Kyrkjemøtet gjorde, som opna for at homofile og lesbiske kunne gifte seg i kyrkja, har ikkje Nominasjonskomiteens liste noko felles program i dette spørsmålet, noko han ynskjer å halde fast på viss dei endar opp med å danne ei «ordinær» kyrkjepolitisk liste.

– Vår tanke, viss me stiller til val som ei gruppe, er å ikkje ha ei teologisk markering, men legge til grunn Den norske kyrkja sine vedkjenningsskifter og liturgiar som dei er.

Han seier vidare at dei vil at kyrkjelydane skal nominere folk til listene deira, og at fokuset alltid skal ligge på kva som er til det beste for kyrkjelydane.

– Me vil ha merksemd på diakoni, trusopplæring, kyrkje-kultur og gudstenesteliv, og ynskjer at det skal vera rom for lokalt særpreg.

Birkedal påpeikar likevel at ingenting er avgjort, og at ein drøyer til etter Kyrkjemøtet si avgjersle før ein peikar ut vegen vidare.

Han seier alle som har stilt til val på Nominasjonskomiteens liste før har blitt informert om samtalar som har pågått, og at ein har med seg representantar frå alle bispedøma som vil vera med vidare i samtalene.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke