Den norske kirke

Frimodig kirke stiller liste til kyrkjevalet: – Vil vera eit sentrumsalternativ

DEN NORSKE KYRKJA: I 2023 vil Frimodig kyrkje stille med liste til kyrkjevalet for fyrste gong. Leiar Sverre Elgvin Lied trur dei kan famne breiare enn Bønnelista.

På medlemsmøtet til Frimodig kirke på måndag denne veka blei det vedteke at nettverket skal stille med liste til kyrkjevalet i 2023.

Frimodig kirke blei stifta i 2017, med bakgrunn i vedtaka Kyrkjemøtet gjorde som opna for at homofile og lesbiske kunne gifte seg i kyrkja. På nettsidene sine opplyser nettverket at dei vil «gje støtte, rettleiing og sjølvtillit til tilsette og frivillige medarbeidarar som vil stå fast på kyrkjas klassiske tru».

No vil dei ta steget inn i det kyrkjepolitiske landskapet.

– Det er ein uheldig tendens at ein ser ei todeling av kyrkja basert på nokre få, kontroversielle saker. Me ynskjer å vera eit sentrumsalternativ, seier leiar i Frimodig kirke, Sverre Elgvin Lied.

Ved kyrkjevalet i 2019 stilte Nominasjonskomiteens liste og Åpen folkekirke med lister i alle bispedøme, medan Bønnelista hadde liste i ni av elleve bispedøme.

Kan famne breiare

– Bønnelista har vore eit konservativt alternativ i kyrkjeval. Kva skil dykk frå dei?

– Me er einige i dei fleste sakene, men me har litt ulik profil og måte og opptre og marknadsfører oss på. Det er mykje som talar for å gå saman med Bønnelista, men me trur kanskje Frimodig kirke kan famne noko breiare enn Bønnelista, meiner Lied.

Han utelukkar likevel ikkje at dei to listene etter kvart kan slå seg saman til eit felles prosjekt.

– Er det ikkje fare for mindre innflytelse for konservative stemmer viss ein splittar dei opp i ulike lister?

Det spørsmålet kan ein så klart stille, men det er ulike omsyn å ta. Me står for heilt tradisjonelle, kristne, standpunkt og me ynskjer å vera eit sentrumsalternativ.

– Veldig trist

Per i dag slår kyrkjevalreglane fast at det skal vera ein nominasjonskomité ved kyrkjevalet. Nominasjonskomiteen blir valt av sokneråda på valmøte i kvart prosti. I tillegg kan ungdomsrådet i bispedømet utnemne ein person. Nominasjonskomiteen set så saman ei liste av kandidatar.

Medan Nominasjonskomiteens liste skal vera breitt samansett, er dei andre listene forma på eit bestemt program.

Kyrkjerådet har gått inn for ei ordning med sjølvstendige, kyrkjepolitiske lister, utan ei nominasjonskomitéliste. Saka skal opp på kyrkjemøtet i november.

– Det er veldig trist at det ser ut til at me får ei valordning som legg opp til eit reindyrka partisystem i kyrkja, men slik Kyrkjemøtet er sett saman reknar me med at forslaget går gjennom, seier Lied.

Han seier Frimodig kirke heller ynskjer seg ei ordning med indirekte val frå kyrkjelydane, men at sidan dette ikkje ser ut til å skje, fann dei det naturleg å stille med eiga liste.

– Me ynskjer å vera kyrkjelydsliste-alternativet, og me har stor tru på at ei breidde av engasjerte kandidatar vil stille til lister hjå oss, seier Lied.

Han trur mange som før har stått på Nominasjonskomiteens liste vil kunne tenke seg å gå til val for Frimodig kirke.

Skal laga valprogram

Styret har oppretta eit valutval som skal ha hovudansvaret for å etablere lister i alle bispedøma. Her sit:

  • Svein Arne Lindø, leiar av Sandnes kyrkjelege fellesråd og tidlegare kyrkjerådsleiar.
  • Liv Heidrun Heskestad, leiar av Stavanger bispedømeråd.
  • Therese Egebakken sit som styret sin representant i utvalet.

Frimodig kirke vil legge fram forslag til valprogram på årsmøtet sitt i mars 2022.

Bønnelista: – Ser fram til eit samarbeid

Bønnelista sin leiar Jo Hedberg skriv i ein e-post til Vårt Land at dei er positive til at Frimodig kirke vil stille liste ved valet. Han ser for seg samarbeid av eit slag.

– Bønnelista ventar no på Frimodig kirke sitt program for neste periode og vidare samtalar om moglege samarbeidsformer.

Hedberg er sjølv medlem av Frimodig kirke, og fortel at han da Bønnelista blei starta prøvde han fyrst å starte ei kyrkjevalliste i regi av organisasjonen. Men den gong var det ikkje stor nok interesse for initiativet. No er han spent på å høyre kva den nye lista vil gjera for å stoppe fallet i medlemstalet i kyrkja, fortel han, og legg til at Bønnelista sin plan er eit eige undervisningsopplegg i kyrkjelydsbygging.

– Vårt undervisningsopplegg for kandidatane har vore ein av tinga, i tillegg til namnet Bønnelista, som ein del i Frimodig kirke har vore skeptisk til. Difor er vi særleg spent på kva Frimodig kirke vil gjere for å vende den negative medlemsutviklinga om til vekst.

---

Kyrkjevalet

  • Kyrkjevalet er i realiteten to val: Val til dei 1235 sokneråda og val til dei 11 bispedømeråda. Sistnemnde utgjer Kyrkjemøtet i Den norske kyrkja.
  • På bispedømenivå var det i 2019 fleire lister å velje blant. Nominasjonskomiteens liste og Åpen folkekirke stilte lister i alle bispedøme, og Bønnelista i ni av elleve bispedøme.
  • Den norske kyrkja får omtrent 80 millionar kroner frå staten til å arrangere kyrkjeval kvart fjerde år.

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Den norske kirke