Frimodig kirke stiller liste til kyrkjevalet: – Vil vera eit sentrumsalternativ
DEN NORSKE KYRKJA: I 2023 vil Frimodig kyrkje stille med liste til kyrkjevalet for fyrste gong. Leiar Sverre Elgvin Lied trur dei kan famne breiare enn Bønnelista.
STILLER LISTER: Trass i at ein er ueinig i at det skal finnest kyrkjepolitiske lister i Den norske kyrkja går no nettverket Frimodig kirke sjølv inn i kyrkjepolitikken. Frå venstre, Svein Arne Lindø, Liv Heidrun Heskestad, Therese Egebakken, og Sverre Elgvin Lied.
Foto: Frimodig kirke
På medlemsmøtet til Frimodig kirke på måndag denne veka blei det vedteke at nettverket skal stille med liste til kyrkjevalet i 2023.
Frimodig kirke blei stifta i 2017, med bakgrunn i vedtaka Kyrkjemøtet gjorde som opna for at homofile og lesbiske kunne gifte seg i kyrkja. På nettsidene sine opplyser nettverket at dei vil «gje støtte, rettleiing og sjølvtillit til tilsette og frivillige medarbeidarar som vil stå fast på kyrkjas klassiske tru».
No vil dei ta steget inn i det kyrkjepolitiske landskapet.